torsdag 9. august 2012

Heimreise

Ferien nærmar seg ubønnhøyrleg slutten. Eit sikkert teikn på det, er at eg no sit heime ved kjøkkenbordet, og ingen fleire turar er planlagde... Vi sit tilbake med ørtenhundre bilder, som det nok vil ta litt tid å sortere. Det er klart det blir mange bilder, når ein for eksempel tek fem bilder for å få eit fint av denne tøffe lampa:


Utruleg stilig lys/skugge-effekt på tak og veggar! (I framgrunnen: tante Eva)

I går tidleg pakka eg i bilen, medan Lise og Jens leika og gjorde triks med ballongane etter bursdagsselskapet.


Så køyrde vi rundt fjorden og rett ombord på ferga på Dragsvik. Kjekke kikkehol i riktig høgde!


På Vikafjellet helsa vi på tre kule typar, som hadde teke på seg ull, endå det var sommarvarme og solskinn. Ikkje alle som kikkar ut glaset før dei kler på seg, nei.


Nedover unnarennet, rett etter Vikafjellet:


Sommaridyll og sommarender i Odda:


Det passa godt med ein matpause i Odda på veg sørover. Det er ikkje alltid at slike industristader ser så koselege ut, men i deilig sommarvér vert det meste koseleg!


Denne sommaren har vi vore på tre store turar: Bømlo, Lyngdal og Sogn/Jølster.


Vi har køyrt 1655 km, og tilbrakt nærare 40 køyretimar i bilen. Det har jo vore ein del stopp undervegs, så farten har vore større enn 40 km/t, altså! (For dei som begynte å putte inn i formelen s=v*t... På tide å komme seg tilbake på skulen no!)

Ingen kommentarer: