mandag 6. august 2012

Is og bøker, ein naturleg kombinasjon

Inst inne i den inste avkroken i Sognefjorden, altså her:


... ligg det to attraksjonar som har fanga merksemda vår, og fått oss til å køyre fleirfoldige mil ein vakker sommardag. Den eine attraksjonen er europas største, og har fått eit eige museum i Fjærland. Norsk bremuseum var det første målet for turen vår i dag.


Utsikta frå taket og innover mot dalføra der vi kan skimte Jostedalsbreen i det fjerne, er upåklageleg!


Heldigvis var det sett opp forklarande plakatar, slik at vi visste kva vi såg på...


Inne på sjølve museet var det særleg den store mammuttanna som var av interesse for Jens. Det var stort å få ta på ei ekte mammuttann!


For Lise, og forsåvidt også for Jens, var det modellen av ei isbretunge som var den aller aller største magneten. Her var det ein tunnel, der ein kunne gå gjennom dryppande gongar, lytte til brelydar og oppleve litt korleis det er å vere inne i ein bre. 


Eg er veldig usikker på kor mange rundar dei tok, men det var mange...


Då vi omsider klarte å pense dei vekk frå rundturen, kunne dei gå rundt og utforske også andre deler av museet.



Mykje å sjå på! Vi såg også ein panoramafilm, der vi flyg med helikopter over ulike delar av isbreen. Filmen er laga av Ivo Caprino, og er den same som dei viste då eg var på skuletur og besøkte museet ein gong tidleg på nittitalet... Kanskje på tide å lage ein ny, med litt nyare teknologi? Eg berre spør...

Etter å ha sett på så mykje is, og lært så mykje om isbrear, følte vi det naturleg å ta ein ispause...


Den andre strore attraksjonen og trekkplasteret i Fjærland, er bokbyen. I alle fall for oss...


Her var det utruleg mange bruktbøker! Jens og Lise hadde fått litt pengar kvar av besteforeldrene til å kjøpe kvar si bok, og utvelgingsprosessen var noko ulik for dei to. Lise tok av seg skoa, sprang rundt litt inne og litt ute og såg meir i isboksen enn i bokhyllene... Jens var noko meir målretta...


Dei fann bok begge to, med meir eller mindre hjelp. Jens fann seg sjokkerande nok ei faktabok om bier og bikubar (!) og Lise kjøpte seg boka "Bernards magiske hår." I tillegg fann vi boka "Gi meg ein A!" som inneheld mange småhistorier om det å begynne på skulen. Den tykte vi passa godt!


Lise berre måtte ned og sjå på fiskane...:


Så køyrde vi heimover att, og tok oss ein liten matstopp i Sogndal.


Godt med litt yoghurt etter så mange opplevingar i Fjærland!

Det som ikkje var så godt, var eit stygt knefall på veg til benken. Vi klarte å berge yoghurtbegeret, men det var verre med kneet (Her var eg nok litt sein med/evt nedprioriterte... fotoapparatet. Det såg verre ut før vi vaska vekk alt blodet...):


Då var det godt at mamma kunne setje på eit Taue-Bill-plaster. Då gjorde det plutseleg ikkje vondt lenger...


No ligg dei to håpefulle og søv, den eine meir spent enn den andre. I morgon er nemleg den store dagen! Den lenge lenge leeeeenge etterlengta SEKSårsdagen!

Ingen kommentarer: