onsdag 1. august 2012

Kupp frå bokbordet!

Som tidlegare nemnt, er bokbordet på bibelcampen nesten god nok grunn for oss å reise dit... Sjølvsagt berre nesten, men vi rett og slett elskar å gå rundt og kikke på nye bøker, tilbudsbøker, barnebøker, oppbyggelege bøker, underhaldande bøker osv... Vi hadde med oss nokre bøker heim frå Lyngdal i år også, og den viktigaste må vel kunne seiast å vere denne:


Dette er rett og slett ei genial bok, ei verktøykasse for oss med barn. Sagt med forfattaren sine eigne ord: 


...

Etter dei første kapitla har det vore spørsmål til samtale, og vi har jobba oss gjennom desse. Mange tankevekkjande og oppklarande spørsmål, som set fokus på viktige sider ved oppsedinga. I tillegg skriv Jarle Waldemar enkelt og forståeleg, og på ein måte som gjer at ein får med seg mykje god kunnskap på vegen.


Boka tek for seg mange ulike tema, og mange ulike sider ved livet i ein familie. Vi håpar at den kan hjelpe oss å bli meir medvitne på vala våre.

I tillegg til denne boka, hadde vi med oss også andre bøker heim:


Vi hadde på førehand bestemt oss for at vi skulle kunne velje ei bok kvar. Nina valte Jarle Waldemar si bok. Eigentleg hadde vi vel tenkt på den på førehand også, men... Det same hadde eg med boka eg valte: C.S. Lewis: Om forlatelse. Ikkje at eg hadde peikt meg ut akkurat den boka, men eg tenkte at viss dei hadde ei bok av forfattaren der som eg ikkje hadde lese før, så skulle eg velje den. Og som du ser, så fann eg altså ei!

Jens og Lise valte seg ei bok i lag. Den heiter "Grønnsakshistorier", og er bibelforteljingar fortalt på ein ny og artig måte. Her er heile tjue forteljingar, fortalt med fargerike og artige bilder. Etter kvar historie, kjem ein forenkla versjon av bibelteksten, slik at ein får historia slik den verkeleg er også. Jens storkosar seg med boka, og tykkjer den er veldig artig!

I tillegg til desse tre bøkene, er det med to andre på bildet. Boka "Gutten som lærte å lytte" handlar om Samuel sitt liv, og det var Jens som fekk med seg denne. Han vann den på utlodning under "Kidz party." Det var stas å vinne!

Den siste boka, "Historien om Daniel i løvehulen", fekk Lise av Kjellaug og Gunnstein. Ho hadde dåpsdag medan vi var på campen, og dei er fadrane hennar. Lise var veldig flau då ho tok imot boka, men likte ho veldig godt. Vi har lese henne ein god del gongar sidan ho fekk ho for nokre dagar sidan...

Så kom vi heim på søndag, og allereie måndag gjorde eg ei ny bokinvestering. Denne gongen var eg på bokhandelen på Sand, og eg hadde målet klart for meg: Den nye bibeloversetjinga. 


Dermed har eg sett 78-oversetjinga i bokhylla, og det er igrunn ganske vemodig. Boka har fulgt meg heilt sidan eg tidleg i barneskulen fekk den av mamma då eg skulle på leir. Eigentleg var det hennar bibel, og det står to namn framme i permen:


For meg har dette vore veldig viktig, og eg har vore stolt over bibelen min. Eg fekk den på eit veldig godt tidspunkt, då eg hadde begynt å lese veldig mykje, og syntes tekst i seg sjølv var svært spennande. Å få ei slik skattekiste opp i hendene, trigga meg, og bibelen har blitt passa godt på og mykje brukt.

No er altså den æraen over. Eg har kvidd meg litt, på grunn av nostalgien knytta til boka mi, alle understrekingane og notatane som ikkje vil vere der lenger og det faktum at eg må gjere meg kjent med ei heilt ny oppbygging. Likevel var det fornuften som sigra. Den nye oversetjinga er mykje betre, det er den teksten eg brukar på internett og Nina har hatt den nye oversetjinga eit halvt år allereie. Så no er den nye oversetjinga mi, og så langt har det vore eit positivt møte!

På bibelcampen var Nina på eit misjonsmøte med Ole Lilleheim, som snakka om kristne som lever i land med mykje forfylging og restriksjonar. Han nemnte der eit møte med ei dame frå Nord-Korea som hadde blitt kristen. Det gjekk nokre år frå det første møtet til neste gong dei treftest, og på den tida hadde ho lest gjennom bibelen 300 gongar. TRE HUNDRE gongar!

Her er det berre å setje i gong å lese...

Ingen kommentarer: