torsdag 23. august 2012

Mercur i senit

Ikkje misforstå, eg snakkar ikkje om astronomi. Eg har ikkje den minste aning om kor Merkur befinn seg henne, og det som for det meste har vore i senit i dag, er regnskyer... (I alle fall for oss som har jobba på Sand, av ein eller annan merkeleg grunn har det vore betre ver her i Erfjord enn litt lenger nord dei siste dagane.)


Slik såg himmelen ut i dag tidleg. Ganske lovande, igrunn! Så eg tok på meg småsko og jakke, og reiste inn med godt mot. Angra litt då eg skulle heim att, og traska gjennom regnet... Lise, vår vesle Pippi, lar seg i alle fall ikkje stoppe av litt regn. Her er ho ute og kjenner på regnet, rett før middag:


Men det var Mercur, ja. Og Lise. For det er Lise som på ein måte har hatt han i senit i dag, i alle fall har han vore mykje i tankane. Og Mercur, kven er no det? Det er denne flotte hesten!


Eg har her teke bilde av eit bilde. Også bildet under er skaffa på same måten, og begge er henta frå eit informasjonsskriv frå barnehagen. I skrivet står det om hestane Filippa og Mercur, som borna i barnehagen skal få bli betre kjent med dette året. Det er ei av dei som jobbar der som eig dei, og ein gong i veka skal ho ha med seg ein eller begge, og så skal borna få klappe, stelle, kose og ri på dei. I dag var første dagen, og Lise vart veldig begeistra! To gonger fekk ho prøve å ri, og grein då ho måtte gå frå han... Det er godt dei kjem tilbake seinare! (Og eg skal prøve å komme tilbake med betre bilde av dei også, bilder som er tekne på vanleg måte...)


Til slutt eit lite utdrag frå starten av Lise si kveldsbøn i kveld:

"Takk for at eg fekk ri på Mercur.
Takk for at eg ... fekk klappe Mercur.
Takk for at ... eg ... fekk ... klappe på hesten.
Takk for tante Anne Margrethe, og takk for onkel Arild.
Takk for ... " (osv. besteforeldre og søskenbarn og tanter og onklar...)

Ingen kommentarer: