onsdag 22. august 2012

Nightmare on Elm Stairs

Dagen i dag begynte verkeleg dårleg for enkelte. Eller, igrunn begynte den bra, men så vart den plutseleg litt kjip. Eg låg og venta på at vekkarklokka skulle ringe (...), då eg høyrte nokon tasse ute i gongen. Lise hadde vakna og stått opp, det forstod eg med ein gong. Så var eg spent på om ho kom inn til oss, eller om ho gjekk opp. Eg trengte ikkje vente lenge, for eg høyrde nokon begynte å stege opp trappa, og då forstod eg at her var det berre å stå opp.

Jens tenkte det same, og var noko raskare enn meg. Han la i veg forbi meg, og opp trappa. Dermed vart det noko høge trampelydar frå han, og dette høyrde søstra, som hadde tusla seg opp i stilla og halvmørket... Dermed fekk ho hjarte i halsen og skreik det mest intense skriket eg nokon gong har høyrt frå ho. Rett etter såg ho oss, og redsla slapp litt taket, men for ei forferdeleg oppleving det var.


Etter mykje trøyst og kos, hos både pappa og mamma, vart vi omsider klare for stell og frukost... I dag var det fridag for familiens yngste, berre pappaen skulle smørje seg niste og leggje i veg til jobb. Jens fekk besøk av Børe, og dei leika saman, både hos oss og hos Børe, frå den tida skulen skulle ha starta, og til det var på tide med kveldsmaten... I løpet av dagen fann dei blant anna desse:


Noko som minner meg på at det kanskje er på tide å ta seg ein sopptur snart...


Til lunsj steikte dei seg vaflar, og sparte heldigvis nokre plater til faren. Det er alltid deilig med vaflar!

Jens og Børe leikte med krokodillene, og det var veldig seriøs rolleleik. Så kom Lise der, med Hoppsi Deisi, og meinte at ho også kunne vere i munnen på krokodilla. Men det skulle dei ikkje ha noko av: "Nei, Lise, vi leikar med farlege dyr!"


Etter at Jens og Børe hadde gått, benytta Lise og Hoppsi Deisi sjansen til å leike med den store krokodilla... Og eg må vere enig, den ser no igrunn ganske farleg ut der den ligg... Eller ikkje...

Eit lite hopp tilbake i tid - heilt til i går ettermiddag:


Jens gjorde dei aller første leksene sine! Han skulle teikne familien sin, og slik vart resultatet:


Spenstige hårfargar, og mamma har fått veldig stor navle... Og så var det herleg med raudt hjarte og sol med på teikninga!

Til slutt eit lite rop om hjelp. Når eg 'steller' tenna om kvelden, pussar eg først tennene, så tek eg tanntråd og så skyl eg med fluor. I går kjøpte vi ny tanntråd, frå sjølvaste Jordan, og bakpå pakken stod denne vesle 'oppskrifta':


Då vart eg veldig i tvil, det må innrømmast. Tanntråd først? Er det slik det skal vere? Jordan plar jo vere til å stole på, så eg tenkte umiddelbart at her har eg gjort feil i alle år. No kjenner eg at eg slites mellom dei fastgrodde vanene, og den nyvunne, revolusjonerande tanken, og anar verkeleg ikkje kva eg skal gjere. Nokon gode råd?

Ingen kommentarer: