lørdag 11. august 2012

Sequence - heimesnekra!

Tidlegare i veka, då vi var på ferie i Sogn, var vi nede hos Eva og Kurt og spelte spel ein kveld. Vi landa på spelet Sequence, som vi faktisk aldri har spelt før. Det falt i smak, og vi tenkte at det kan vi jo ynskje oss ved ein anledning.

Spelet er ganske enkelt komponert, med eit rutenett av spelekort på bordet, to kortstokkar å spele med og spelebrikker. Nina tenkte at det sikkert går an å lage seg sitt eige sequence-spel, og leita opp informasjon om dette på internett (Det er utruleg alt ein kan finne ute på verdsveven!)

Ganske riktig, det er mennesker som har laga sine eigne spelebrett før, og delt erfaringane på nettet. Dermed var det berre å finne fram saks og lim, og setje igong vår eigen speleverkstad!
 

Vi brukte eit tjukt ark som var 30x30 centimeter stort (Henta frå ei lomme i eit scrapbook-album). Så målte Nina opp 3x3 cm store ruter i hjørnene på ein kortstokk vi hadde liggande, og klipte dei ut. Eg limte dei på arket, etter eit mønster vi fann på internett.


Frå kvart kort fekk vi dermed to ruter på spelebrettet, og til saman 100 ruter i eit kvadratisk mønster. Til slutt fann Nina fram den enorme knappesamlinga ho har arva frå mormora sin tidlegare handarbeidsbutikk. Femti rosa, femti brune og førti grønne knappar vart leita fram, og så var vi klare for å spele!


Ferdig spelebrett, inne i scrapbooklomma:


Fiks ferdig Sequence-spel til om lag null penger!


Til slutt litt spelestatistikk, for dei spesielt interesserte:


Eg vann første omgang, og ville ta bilde. Då var Nina rask og sopa eigne brikker av brettet... Så slik er det.


Andre omgang: Eg har dei rosa brikkene, og fekk først to rekker med fem på rad. 2-0 til Olen!


Til slutt klarte Nina å prikke inn ein siger. (Eg lot ho sjølvsagt vinne, men det er svært uoffisielt. Ikkje fortel det til henne!)

1 kommentar:

Hos oss i Nøkkeldalen sa...

hei! morro å lage spelet sjølv, ekstra morro å spele da sikkert. takk for koselig kommentar på bloggen!