mandag 20. august 2012

Skulegut!

Det var ein spent gut som i dag stod opp til sin aller første skuledag. Noko han hadde gleda seg veldig til, var å smørje si eiga niste... Det var difor med stor iver han gjekk i gang med å skjere ost og pakke skivene i matboksen. Mamma delte opp frukt og grønsaker, og til slutt hadde han fått niste til både skuledagen og SFO etterpå. Slik såg første skulenista ut:


Vi måtte sjølvsagt også ta det obligatoriske første-skuledag-bildet. Sekken på, og ut for å leite etter passande bakgrunn...


Pappa og Jens sykla til skulen, og kom fram i god tid før det ringte inn. Vi hadde greit med tid, og skulle sykle sakte, men det er ikkje så enkelt å ta det med ro på ein slik dag... Så kunne vi finne knaggen hans, henge frå oss og gå inn i eit klasserom klargjort for skulestart.


1. og 2. klasse er 18 elevar til saman, så det er ganske trangt i klasserommet. Det er lenge sidan det har vore så mange i dei to yngste klassane!


Ein andektig flokk sat roleg og høyrte på Anny, og 2. klasse gjekk framfor med eit godt eksempel for dei nye. Etter velkomsten, stilte dei opp på rekke og gjekk inn i mediateket. Der var det oppstartsamling med rektor. Han la vekt på kor naturleg det er å gjere feil på skulen, og at det er heilt ok å feile. Viss vi hadde fått til alt, hadde vi jo ikkje trengt å gå på skule! Og så er det viktig å lære av feila sine! Eg veit ikkje heilt kor mykje av akkurat dette Jens fekk med seg, men pappaen skal ta det med seg vidare...


Etter samlinga, og ei samling i sofaen på klasserommet, gjekk pappaen på jobb sjølv, for å møte sine eigne elevar. Må berre ta med at det var utruleg kjekt å treffe dei att!

Det var ein glad, og litt sliten, førsteklassing som kom syklande heim saman med mamma i ettermiddag. Mykje å fortelje, og mykje papir vi må sjå på. No får vi kjenne på kroppen korleis det er å vere i mottakarenden av papirbunkane vi sender ut... På eit av arka, eit informasjonsbrev frå kontaktlæraren, stod det blant anna om 'lesekvarten', eit kvart med lesing saman kvar dag. Vi starta med det same, og i dag var det Anne-Cath. Vestly-boka han fekk til bursdagen som vart lest i. Først las han ein del sider sjølv, og så tok mamma over og las vidare. Koseleg å lese saman!


Til slutt ein liten dialog mellom far og datter på badet under kveldsstellet:
Lise: (gjespar, stort og lenge)
Pappa: Oi, det var ein saftig gjesp!
Lise: Nei, det var ein vatnig gjesp!

Ingen kommentarer: