lørdag 11. august 2012

Sykkel, sol og bursdagsfest

Jens fylte seks år medan vi var vekkreiste, og vi inviterte difor klassevennene til feiring denne helga. I går planla vi og gjorde klart til fest. Ein viktig ingrediens då er sjølvsagt ballongar. Mange ballongar!


Dagen starta roleg, med litt speling rundt frukostbordet.


Jens tok spelet nesten med ein gong. Lise streva naturleg nok litt meir...

Så måtte vi gjere klart til innrykk av ti glade barn. Jens er veldig glad i popcorn-muffins, og ville gjerne at vi skulle ha det. Slik såg det ut etter at mamma, Lise og Jens hadde laga dei ferdige:


Oppskrifta er søt og enkel: Poppe popcorn. Smelte marshmellows i litt smør og blande med popcorna. Blande inn nonstop, og fordele røra i muffinsformer. Pynte med gelébilar på toppen. Viss nokon ynskjer oppskrifta, er det berre å spørje! (Jens fekk forøvrig tipset i Lyngdal. Der vart det vist film for borna under kveldsmøta, og eit par kveldar viste dei Jarle-tv. Og der kom visstnok popcornmuffins på banen!) Smaken er ei blanding av karamell, popcorn og nonstop. Nam!

Vi hadde også ein delvis sunnare godbit: Spyd med druer og lakrisbilar.


Til slutt måtte vi gjere oss klare sjølve. Det er alltid litt enklare å flette håret til Lise viss ho ser på film...


Då er alt klart...


... og ti glade sykkelentusiastar inntek tunet vårt:


Vi starta med pakkeleik. Ein ballong for kvart barn, og inni ballongane ligg det namnelappar. Dei sprakk ballongane etter tur, og namnet som kom fram, kunne gje presangen sin. Dermed kunne Jens konsentrere seg om ei gåve om gongen, og alle fekk med seg det som skjedde.


Etter pølser i brød og mykje saft i det varme véret, var det tid for sykling og leik. Blant anna hadde vi ein ballongleik. Der kunne dei som ville få ein ballong knytta rundt foten, og så var det om å gjere å trakke sund dei andre sine. Mykje springing og høge smell!


Etter meir sykling, muffins (som nok var ein litt for ny smak for mange...), fruktspyd, is og sol, var festligheitene over. Nokon ville gjerne ta med seg ballong heim, og Lise kom fint bort til mamma og spurte om ho óg kunne få ta med seg ballongen sin heim...

Folk veit å finne kjekke presangar! Lego, motorsykkel, spel, bok, tusjar og kunst. Mykje moro for ein seksåring!


Ingen kommentarer: