fredag 31. august 2012

Ut i verda

Liten gut skal ut i verda
Klarar sjølv å finna fram
Vandrar freidig, stegar støtt
Ryggen rak og sekken stram

Liten gut skal inn i verda
Gjera sjølv, erfare alt
Møter dagen full av spenning
Smake skal på søtt og salt

Liten gut, ein stad i verda
Borte ifrå far og mor
Øvar på å klare brasen
Trenar på å vera stor




Sendte Jens av garde til bussen i dag, før eg sjølv møtte Tone for å køyre i lag til Sand. Vi køyrde forbi grendahuset akkurat då Jens gjekk om bord i bussen og heldt busskortet sitt mot lesaren. Må innrømme at det var ei litt merkeleg kjensle å berre køyre forbi den vesle, store guten som no skal gjere så mykje på eiga hand, ute i den store verda. Eller, store verda og store verda, hans skulle jo berre bort til Erfjord skule...  Og eg veit jo at det er slik det er, vi må gradvis sleppe taket i han, la han gjere stadig fleire ting sjølv. Ein dag skal han stå på eigne bein, og då vil vi sjølvsagt at han skal vere så sjølvstendig og stødig som råd er.

Heldigvis, ja la meg skrive det ein gong til: Heldigvis! er det lenge til han skal stå heilt på eigne bein!

Ingen kommentarer: