fredag 24. august 2012

Vente på bussen

To små, og veldig klare, gutar stod og venta på bussen ved grendahuset i dag tidleg:


Jens var spent, for dette var første gong han skulle ta buss til skulen. Kortet var leita fram frå sekken, og kameraten hadde fortalt korleis det skulle gjerast når han gjekk ombord. Til slutt kom bussen, kortet vart registrert og guten kunne setje seg til rette i setet. Det er kjekt å køyre buss!

Eit par bilder frå i dag tidleg. Trolsk stemning over Erfjord:


Så kom sola heilt fram, tåka måtte vike og dagen vart etterkvart både varm og fin.


Ingen kommentarer: