søndag 2. september 2012

Den store backgammon-krigen

Før fyldig referat frå dagens viktige backgammon-turnering, eit par bilder frå uteleik i føremiddag. Lise sat på sykkelen oppe på plattingen, klar for å sykle av garde. Katten sit ved rhododendron-buskene og vaskar seg i pelsen.
Lise: "Flytt deg katten! No skal eg sykle, og eg har full fart! Pass deg då!"


Vel... Katten flytta seg ikkje, og Lise tok sjansen på å starte. Vel er katten stor, men ikkje så stor at den ikkje er mogleg å bomme på, og farten var, sant å seie, ikkje så enorm... Så det gjekk bra med begge partar!

Det gjekk ikkje bra med såpeboblene under såpeboblejakta etterpå. Eg blåste, og Lise trampa rundt det ho var god for. Kjekk leik!


Ved middagstider tok vi turen opp til familien Vassbø. Det er haust, og nokon har begynt å planlegge årets julemesse:


Den store backgammon-krigen

I sommar, på bibelcampen, vann eg over Gunnstein i backgammon. No var tida komen for revansje...


Lenge såg det bra ut for Gunnstein, og han leia på eit punkt 4-1, og hadde i kampen etter trengt meg opp i eit hjørne på denne måten: (Eg er dei raude...)


Sidan eg var 'fanga' og vegen ut var stengt, i tillegg til at eg nesten ikkje hadde fått nokon inn på "heimefeltet" mitt, rekna eg med at her vart det i alle fall to poeng på Gunnstein.

Men så hadde han litt uflaks, og eg hadde flaks fleire trekk på rad. Dermed såg situasjonen plutseleg slik ut:


Eg vann, kom inn i spelet att og endte til slutt opp med 5-4 siger og dette vindauget:


Nok ein gong vart Gunnstein KNUST! Haha! Så får vi sjå om han torer kjempe mot meg ein annan gong... :-)

Tørre kampfakta:
Gunnstein    0  2  1  1  0  0  0  4
Ole Jørgen    1  0  0  0  2  1  1  5

Medan vi spela, var borna rundtomkring og leika i lag. På loftet, i hagen og på trampolina:


Og dei får etterkvart klar beskjed frå Lise: "De kan ikkje hoppe så lenge de vil, altså!" Dette stod ho og ropte ut loftsvindauget, men eg trur ikkje dei høyrde henne...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Om eg tør....?

Eg har endå friskt i minne når eg vann 7-0 i Lyngdal for nokre år sidan. Så me får nå sjå kven som ler best....til sist:-)

Uansett, så prøver eg å leve etter at det viktigaste er i grunnen å ha det kjekt i lag, ikkje nødvendigvis å vinne!

NinaogOle sa...

Tøv! Det viktigaste er å vinne, og det veit alle! Men det er jo greit med eit 'ordtak' for å trøyste dei som ikkje gjer det... Dessutan, 7-0 = snøen som falt i fjor...