fredag 14. september 2012

"Eg e'kje i form"

Sitat Lise.

Denne veka har den store forkjølinga nådd heimen vår... I går måtte pappa til og med vere heime frå jobb, og i dag henta vi Lise tidleg i barnehagen. Det er ikkje berre enkelt å vere slakk og slapp! Ho sovna på sofaen i ettermiddag, og var utrøysteleg då vi vekte henne før middag. Men no er det helg! Og det er ei fin tid til å slappe av og ta seg inn på!

I går kveld slappa vi derimot ikkje av, i alle fall ikkje dei tre yngste. Det var nemleg springekarusell på Moane, og både Jens og Lise var med for fjerde og siste gong denne sesongen. Eg hadde med fotoapparatet, men har dessverre ingen bilete å vise fram. Vi stoppa nemleg på Joker, og medan mamma var inne og handla, leika Jens og eg med apparatet. Vi testa ut kor nært vi kunne ta bilder av ulike delar av interiøret i bilen. Det vart berre to bilder, for etter dette bildet gjekk apparatet tomt for straum...


Jepp, for det var akkurat dette bildet eg ville hatt viss eg hadde visst det var berre to bilder att på kamera!

Eit hopp lenger bak i arkivet, til onsdag, finn eg dette bildet, som kanskje er noko meir interessant:


Lise hadde besøk av Victoria i mange timar, og eg har forstått det slik at dei hadde det kjekt saman! På det tidspunktet eg kom heim, som var like før ho gjekk, spelte dei blant anna spel på Victoria sin mamma sin telefon. Var visst kjekt det, og ingen av dei ville heilt gje telefonen tilbake til den andre...

Nei, no har gullrekka begynt. Sjåast!

Ingen kommentarer: