lørdag 29. september 2012

Eit barndomsminne som bildeserie

Av og til skulle eg ynskje eg kunne gå tilbake i tida og fotografere barndomsminner. I dag ville eg reist tilbake til ei veke i ein fem år gamal Ole sitt liv. Bildeserien ville sett nokolunde slik ut:


{Bilde 1}

Femåringen sit ved vindauget i bussetet, ved sidan av mormor. I setet bak sit morfar. Han skal på besøk, heilt aleine. Heilt frå Sogn til Nordfjord, tre timar i buss. Bussen har køyrt frå stoppestaden på kaia, og har snart køyrt ein liten kilometer. Snart skal den køyre forbi huset der han bur. Han kjenner redsla og saknet etter mamma og pappa trengjer seg på, og må felle nokre tårer. “Eg vil av igjen,” kviskrar han, og mormor forstår. “Vil du heim igjen?” Guten nikkar forsiktig, men ombestemmer seg i siste liten. “Nei, eg vil vere med.” Orda er tunge å få ut, for no ser han huset. Og han ser huset passere. Foreldra har sagt hadet på kaia, så det er ingen heime. Like godt å reise vidare der mormor og morfar er. Snart lettar den tunge skya, og han kan igjen glede seg til ei veke på besøk.

{Bilde 2}

Guten går saman med besteforeldra langsmed ein smal veg mellom store grasmarker. Ein nabo i traktor, som tilfeldigvis køyrde forbi, har teke med bagasjen i førevegen. Det er lett å gå, og morfar fortel om den gongen dei køyrde rundt med svære mjølkespann bakpå traktoren. Før mjølka kunne kjøpast på kartong i butikken. I kjøleskapet har dei ståande ein stor toliters mjølkekartong, mykje større enn dei guten er van til heimanfrå. Guten går og går, spent på å få vere på besøk, og gler seg til dei kjem fram.

{Bilde 3}

Ved kjøkenbordet, eit respatexbord med voksduk, sit han og teiknar på eit ark. På stolen ved sidan av står ei raud veske der han har liggjande dei tinga han har ståande hos mormor og morfar (Denne veska vert med åra utvida med fleire skattar, og du verda for nokre skattar!) Besteforeldra steller med dei daglege gjeremåla. Fyrer i omnen, lagar mat, ber inn ved, les posten. Ei kjensle av trygg omsorg, noko kjent og kjært.

{Bilde 4}

Ein liten gut står ved sidan av ein gamal sykkel på Reed. Litt bortanfor står morfar og pratar med ein mann han kjenner. Guten ser seg rundt, og i handa held han ei øskje med “salte bjørner.” Véret er fint, og dei har god tid. Dei skal gå eit godt stykke tilbake heim att, så då er det godt å ha med seg salte bjørnar ein kan ete på under vegs.

{Bilde 5}

På busstasjonen i Førde går ein lett nervøs liten reisande om bord i bussen som skal køyre forbi Balestrand. Mormor har fulgt han den første timen av reisa, og får han trygt om bord på den rette bussen. Endå ein gong har han lyst til å gå av, men heimlengten held han tilbake. På setet ved sidan av står det ein pakke jus og litt mat. Den svarte koffertveska står på golvet, og auga er festa på mormor, som vert mindre og mindre, og handa som fortsatt vinkar heilt til han ikkje kan sjå den lenger.

{Bilde 6}

Eit bilde av ein litt oppkava gut, beskjeden og ny ute i den store verda. Bussen har svinga ned på Nordeide, sikkert for å plukke opp passasjerar frå expressbåten frå Bergen. Guten trur bussen skal stoppe der, så han dreg med seg den store, svarte koffertveska framover i bussen, og spør om han må bytte buss. Sjåføren smiler varmt, og seier at han berre kan setje seg igjen. “Denne bussen går heilt fram dit du skal!” Raud i kinna og raud på øyrene dreg han med seg koffertveska bakover til setet sitt att. Eit fastbrent bilde av smilande ansikt frå setene han må passere på veg tilbake att. Og den gode og rolege kjensla som igjen festar seg i magen, den som har vore så fråverande dei siste minutta, heilt sidan bussen svinga vekk frå den vegen han veit går heimover. Bussen går heilt fram. Heldigvis. Heilt fram til mamma og pappa og syskena. Tilbake til det trygge og kvardagslege. 

Ingen kommentarer: