onsdag 5. september 2012

Foldøy-tur!

Eg har oppdaga (ikkje som førstemann, altså, men oppdaga for min eigen del...) ei naturperle i Ryfylke! I to dagar no har eg vore saman med klassen min på den vesle øya Foldøy. Der har vi jobba med naturfagoppgåver, leika og sosialisert oss (med kvarandre). Eg tok ein del bilder på turen, og eg vil gjerne vise fram den flotte ryfylkenaturen for dykk! Nyt!


Breivika
Delar av fuglereservatet

Elevar utfører oppgåva: "Finn spor etter menneske på stranda." Mykje rart som driv i land, må vi seie!


Ute på ein slik holme observerte vi toppskarv!



Speiding etter fuglar inne i fuglereservatet. Det var dessverre lite liv å sjå.


Ute ved Otrahola.
Mykje fin natur! Viss du ynskjer å sjå fleire bilder frå turen, og litt meir av kva elevane gjorde der ute, kan du finne det her: Skuledagboka: Bilderas frå Foldøy.

Ingen kommentarer: