lørdag 1. september 2012

Første haustdag

Hausten entrar scena stille og forsiktig. Det er nesten som ein ikkje merkar forskjell på siste sommardag og i dag... Morgonen var kald, men det var finfint vér å vere ute i.


Jens begynte dagen med å sparke litt ball. Det er den store interessa for tida. Fotball i friminutta på skulen, og fotball heime.


Lise har ikkje den same interessa. Ho driv meir rundt og finn på både eitt og hitt, eller så kosar hos seg med katten. Lise er nok den i familien katten får aller mest merksemd frå. Her ligg han og ventar på endå meir kos...


Jens har flydd litt rundt med kamera i dag også, og fanga inn nokre blinkskot. Her er det syklane våre som vert foreviga.


Haust er  haustetid, men det begynner å bli litt vel seint for blåbæra. Lise valte likevel å vere optimist, og tok med seg kopp ned til blåbærtuene. Ho fann litt å ete, men likevel så få at det ikkje hamna noko i koppen.


Og legg merke til genseren! Nokon som kjenner den att? Etter eit par års pause i skuffene, får den no sin renessanse!

Til slutt eit fartsfylt bilde. Jens og eg leikte oss med legobilar i dag tidleg, og målet var å fotografere dei i fart (slik vi gjorde med sykkel forrige helg). Det var ikkje så enkelt, men veldig moro, og med godt samarbeid klarte vi å få nokre bilder vi var fornøgde med. For eksempel dette bildet, der den grøne racerbilen susar forbi den gule bilen:


I ettermiddag var Jens i bursdagsselskap hos Ella, saman med resten av 1. og 2. klasse. Det blir jo faktisk 18 stykker, så det må ha vore ganske livleg på Granly dei timane det stod på! Akkurat no er det midlertid heilt stille frå dei små si side. No ligg dei på lading før morgondagen...

Ingen kommentarer: