fredag 7. september 2012

Gåte

Då eg kom heim frå skulen for litt sidan, heldt Jens på med dette ute på parkeringsplassen:


Følgjande dialog fann då stad:
Pappa: - Hei, Jens!
Jens: - Hei! Veit du ka som går og går og aldri kjem til døra?
Pappa: - Neeei.... Eit pinnsvin?
Jens: - Nei! Det er ei klokke!
Pappa: - Å ja, det var det ja!
Jens: - Eller så er det ein svenske som har gått seg vill i stua. Prøv den du, neste gang!
Pappa: - Det skal eg!
Jens: - God tur inn!

Og så gjekk eg inn...

Jens har nett lest ferdig denne boka, delvis for seg sjølv og delvis for Lise:


Sitat frå då han skulle til å lese i går: "Pappa, veit du ka? Eg syns det er veldig kjekt å lese eg no!" 

Til slutt eit bilde av morgonhimmelen frå i går:

Ingen kommentarer: