mandag 10. september 2012

Litt om Tarzan og brennande halsar

Av og til finn ein snop ein ikkje har smakt tidlegare (!), og i dag snubla vi (og då meiner eg Nina) over denne spennande sjokoladen:


Eg har då smakt sjokolade med sterke krydder i før, som for eksempel Freia sin mjølkesjokolade med chili. Det har gått greit. Eg er ikkje ein person som likar veldig sterke krydder, i alle fall ikkje brennande pepper, men alt eg har av erfaring av sorten på sjokoladefronten, er altså den tidlegare sjokoladen frå Freia. Av den grunn tok eg mot ein bit av denne sjokoladen med naiv optimisme. 

I starten var det heilt ok. Ei god stund faktisk. Men så begynte det å brenne litt i halsen, og så braut det ut storbrann... Ok, eg reagerer kanskje meir enn gjennomsnittet på chili og slikt, men eg kan i alle fall slå fast at dei har vore rausare med krydderet enn Freia!

I ettermiddag var eg og Tarzan på turn i gymsalen:


Det var ein noko stille Tarzan, men utruleg stas å reile i dei store taua!


Og til slutt... eit landskapsbilde... Slik såg det ut på Sand i dag tidleg!


Ingen kommentarer: