søndag 16. september 2012

Ny KRIK-sesong!

I går kveld starta vi opp att med KRIK-samlingar, og dette var den herlege gjengen vi hadde med oss første gong:



 Hjørnefotball:




I ein pause spelte nokon "ein dabb i bakken" (?) (Har aldri heilt fått med meg namnet på denne leiken, endå så mange år eg har sett den blitt spelt...) Dei som går ut, vert straffa ved at dei andre skyt fotballen mot dei, medan dei står med baken til og ventar. Her gjer dei seg klar til å skyte:


Første skot går i veggen:


Greit å sleppe med skrekken!

Kveldens KRIK-konkurranse, der ein kunne få KRIK-poeng, var ein kortstafett. Det er om å gjere finne sin farge, og få tak i alle 13 korta først.


Det er hard konkurranse...


... og til slutt måtte vi kåre to vinnarlag, for vi klarte ikkje å skilje mellom dei.

Det var ei kjekk samling, og god stemning blant ungdomane. Dette lovar godt for året som kjem!

Ingen kommentarer: