søndag 2. september 2012

Playful morning

"Det var en mørk og regnfull ... morgon!"


Men kva gjer vel det? Jens og Lise henta opp togbana, og køyrde tog til den store gullmedaljen. (Og ein liten saksopplysning, sidan eg er i tvil om det er mogleg å sjå tidpunktet eg legg dette innlegget ut på, eller om nokon ville tenkt over det i det heile: Klokka er no 7.51, og eg skriv om morgonen i fortid... Trur dette vert ein lang dag!)



Vi har hatt ein del leiteaksjonar etter Lille Gubben i sommar. I dag dukka han endeleg opp att. Nedi togbanekassa... Kontroll? Nei, det har vi ikke sett...



Å leike med togbana er noko det faktisk går an å gjere saman, lenge, trass i kryssande byggeinteresser og leikemodus. Nokon liker å bygge å køyre, andre liker å ... ja, bygge litt her og ta vekk litt der, køyre tog på bane, på tvers av bane, under bane, med hest på bane, krasje og bere toga over der dei ikkje kan køyre sjølv. Kort sagt: Ulike måtar å leike på, men med tilstrekkeleg nok med skinner klarar dei å få avstand nok...



Til slutt eit par kunsteriske bilder frå i går. Lise teiknar Jens:


Og seg sjølv:

Ingen kommentarer: