lørdag 22. september 2012

Sakte laurdag

I går kveld, då Lise og eg skulle på badet og ta kveldsstellet, gjekk det ikkje heilt slik vi hadde tenkt. Lise klatra opp på doen, og ville stå der og pusse tennene. Medan eg gjorde klar tannkosten, gjorde ho eitt eller anna krumspring (i følgje henne sjølv så var det dans...), snubla og datt rett ned på golvet. Kinnet og kinnbeinet fekk hardast medfart, så i dag har ho gått rundt med eit svært, rundt blåmerke på venstre kinn.


Det viste ikkje så veldig godt på dette bildet, men det ser ikkje så bra ut. Heldigvis finst det trøyst å få hos både pappa og mamma, og også hos storebror. Så då vi kom tilbake på sporet att, troppa Jens opp med bok og sat og las for henne.


I dag har vi vore ein del ute. Logisk nok, med tanke på det strålande haustvéret som kom innom på visit. I formiddag tok Lise med seg kikkert...


... og Jens (og eg) tok med fotoapparat ut på jakt.


Fotojakt og kikkertkikking tek på, så då er det utruleg kjekt at det er laurdag og snopedagen! Jens vann jo sjokolade på basaren tidlegare i veka, så no delte vi den opp i koppar, og sat og kosa oss med sjokolade i sola. (Ja, eg hadde med klut, og det var naudsynt...)


Og når sjokoladen tek slutt, kan vi gå til trampolina i barnehagen, som ligg i skuggen, og ete rim...


Dette har vore ein sakte laurdag. Det har ikkje skjedd så mykje, og det har igrunn vore deilig. På slike dagar er det ein har god tid til å leite fram til dømes gamle legoprosjekt og gjere dei ferdig. Jens og eg begynte å bygge ein dinosaur ein gong for lenge sidan, og i dag bygde vi til the bitter end (som slett ikkje var så bitter, men tvert om svært gledeleg!)


T-Rex!


Og det er sjølvsagt ikkje berre pappa som vil forevige den stilige dinosauren:


Dette biletet tok eg rett før Jens gjekk tom for straum. Det er aldri kjekt, for det er sååååå lenge å vente til det er ferdig lada igjen!

Då kan ein like godt finne fram ei bok medan ein ventar. 


Ingen kommentarer: