søndag 30. september 2012

Utsikt frå eit vindauge

Frå kjøkkenvindauget mitt hadde eg denne utsikta for ikkje lenge sidan:


Jens og Lise sat ganske så lenge i sanden og teikna. Midt mellom dei var det trekt opp ein strek, slik at grensene for kor dei kunne teikne var klare. Ikkje alle valte å overhalde grensa, til stor frustrasjon for andre...


I dag, som tidlegare denne helga, vekslar véret mellom opphald og regn, og det er rimeleg kjølig. (Det var vérmeldinga...)



 I går hadde vi tacosuppe til middag. Utspel frå Jens: "Det er den beste middagen eg nokon gong har ete! Det er til og med bedre enn ketchup!"

Då må det vere godt!

Til slutt eit bilde frå eit par dagar tilbake. Eg veit ikkje kva gale Hoppsideisi har gjort, men det ser vitterleg ut som ei form for avstraffing.


Viss det då ikkje er ekstremsport...

Ingen kommentarer: