torsdag 20. september 2012

Vanskelege spørsmål

Det er som regel veldig kjekt med nysgjerrige barn. Kva er det? Kva betyr det? Kvifor det? osv. Det kan komme mange gode samtalar ut av slikt, viss ein har og kan ta seg tid. Andre gongar er det litt verre...

I dag måtte vi rokkere på morgondagens timeplan på skulen, så plutseleg fekk eg ein god del meir å gjere enn det eg hadde tenkt. Dermed stod eg og førebudde naturfagundervisning samtidig som eg laga middag i ettermiddag. Eg teikna atom og molekyl med eit teikneprogram, og dette fekk Jens med seg. "Kva er det, pappa?" Ja, kva seier ein då? Eg kan ikkje akkurat begynne: "Ja, altså, dette er to atom som inngår elektronparbinding, og så vert dei eit molekyl!" Prøv å forklare kva eit atom er til ein seksåring den som vil. Og sjølv om det kanskje er mogleg å forklare på eit praktisk plan, er det komplett umogleg å forklare kva lufta rundt oss har å gjere med denne teikninga...:


Då var det litt enklare å snakke med Lise, som ikkje brydde seg bitten om kva pappa teikna på maskina... Ho hadde fått ny flette i barnehagen, og det var veldig stas! Den var vanskeleg å sjå i spegelen, så difor måtte eg ta dette bildet slik at ho skulle få sjå:


Så no spørs det om ho vil gå over frå to til ei flette på permanent basis...

Ingen kommentarer: