lørdag 27. oktober 2012

Frå kafé til KRIK

Nokre bilete frå denne laurdagen, som for vår del starta med kafé på Betel. Der hadde ein av oss vinnarlukke på tombola. Eg skal ikkje nemne namn, men han vann tre gevinstar på seks lodd! Vi andre opna og opna på lodd, men måtte konkludere: "Så vart det ikkje premie på oss...!"


Framme for å hente gevinsten:


Og som om ikkje det var nok, då vi køyrde heim att om ettermiddagen, venta det ein pakke på han i posten. Inni låg det ein genser som mormor har strikka. Sitat frå Jens då han såg innhaldet: "Oj, det er den genseren som eg ynskte meg så fælt!" Lurar på kvifor...:


I kveld var det KRIK i gymsalen. Ketil Stokkeland frå Vigrestad skulle vere med oss, og eg henta han på båten på Jelsa. På veg ut såg himmelen slik ut:


Så vart det KRIK, der Ketil hadde andakt. I tillegg var det leikar, spel og konkurransar. Her spelar vi fattigmannsbasket, som slett ikkje er basket (i alle fall ikkje slik vi spelar det...)


Stort engasjement og innsatsvilje!


No gjeld det berre å vente til klokka blir 03, slik at eg får stilt klokkene på riktig tidspunkt. Eller ikkje...

Ingen kommentarer: