onsdag 31. oktober 2012

Golvskribentar og flygande gjest

Aller først eit lite glimt tilbake til søndag, då vi var på storsamling på Sand. På den minste barnegruppa kunne både Jens og Lise utfalde seg, her med teikning:


Elles var det fint møte i kyrkja, der Ketil Stokkeland talte, og koseleg samling i bedehuset etterpå. Vi sat ved sidan av ein lærar frå Arusha i Tanzania, og som var på besøk i Suldal. Han hadde for sikkerhetsskuld valt å komme på besøk i ein periode med minusgrader...

Den nye veka er i gong, og med den leksearbeid. Jens jobbar med skrivelekse i Safariboka si:


 Og Lise, som leitte i bokhylla etter "Safariboka mi, då?" fann også ei arbeidsbok som ho kunne gjere "lekser" i. Så låg dei der, på golvet begge to, og gjorde lekser...


I dag fekk mamma og Lise besøk av ein liten flygande venn:


Dei sat inne og hadde nett beundra småfuglane på fuglebrettet på altanen, då ei lita blåmeis plutseleg krasja i vinduet og trengde ein "restart" på bakken. Det såg ut som han sat vondt, så mamma foreslo at han skulle få noko mjukt å sitje på. Lise: "Ei pute kanskje? Han kan godt få låne puta mi, altså!"

Det vart til at dei henta eit handkle, og der sat han og pusta ei stund. Etter ein ti minutts tid hadde han fått samla seg såpass at han kunne fly vidare, til stor jubel frå fansen sin innfor glasruta.


I dag har Lise kutta doringen for godt. Flotte greier! Rett før middag skulle ho på do, og la i veg mot badet. Så kom ho springande tilbake for å informere pappa, som ikkje hadde fått med seg dette store nye: "Men uten doring! Det ska ver tøft!" Så legg ho i veg mot badet att... Og klarar seg fint!

Til slutt eit bilde til dei som fekk ei inngåande forklaring på korleis LogoLino fungerer, utan at det kanskje var så lett å sjå for seg... Viss de klarer å setje saman informasjonen frå då, og dette bildet, så fell kanskje bitane på plass?


Viss ikkje er det berre å ringe. Trur Jens er meir enn villig til å forklare ein gong til!

Ingen kommentarer: