lørdag 13. oktober 2012

Haustferieschwepptur

Ferietid. Reisetid. Vi gjorde som så mange andre: Sette oss i bilen og reiste vekk!


Vi reiste ikkje så langt, berre eit par-tre timar vestover, til mormor og morfar.

Lise fann, som vanleg, raskt fram til skattekrukka...


Med eit slikt supervér som kom over oss midt i denne veka, og med nyinnkjøpt fiskestang, var det naturleg å ta turen ut i båt. Sjølvsagt med redningsvest!


Her sit han og ventar på storfangst:


Og den kom! Sjekk den digre fisken!


Blir mykje middag av slikt!


Då var han nok heldigare, guten som også hadde ny fiskestang og som gjekk på med friskt mot. Denne hysa var noko større enn småmakrellen:


Og så fekk vi oss ein ny venn, som fulgt oss trufast rundt på fjorden:


Dette bildet er litt snålt, kanskje. Ei gate på Norheim i Haugesund:


Viss du ser godt etter, ser du ein gut som spring alt han er god for! Vi har akkurat parkert bilen utanfor Toyota sin verkstad, og gitt nøkkelen frå oss. Haustferie = servicetid for bilen vår. Jens var med, og sprang av seg mykje energioverskudd på veg tilbake til Oasen storsenter, der mamma og Lise venta på oss. Så var det å drive rundt der i nokre timar, medan bilen vart kontrollert og shina opp.

Også i dag vakna vi opp til strålande sommarvér, og utekleda fekk prøvd seg litt i dag også:


Til slutt eit bilde frå bedehuset i ettermiddag. Det var laurdagskafé, og "Fjordingane" var på besøk og sang for oss. Alltid kjekt!


Ingen kommentarer: