onsdag 24. oktober 2012

Merka med strekkode!

Jens har fått seg strekkode på ryggen:


Det heile var sjølvsagt forferdeleg vondt akkurat då det skjedde. Han skulle hoppe ned frå ein mur, og så kom ryggen for nær... Men då han såg bilder og såg at det likna veldig på strekkodar (og etter at den verste smerta hadde gitt seg, sjølvsagt) var det heile plutseleg morsomt. Vi har spekulert i prisen, men blitt einige om at det hadde vore så dyrt at vi ikkje hadde kunne betale... Dessutan er han jo ikkje til sals, som han presiserte i kveld.

Onsdag er eit lite pusterom for mamma, Jens og Lise. Dei har vore heime og funne på kjekke ting i dag, blant anna har dei bakt "mykje over 30 polarbrød, pappa!" Nam!


Når vi først snakkar om mat, kan eg ta med eit lite glimt inn i gårdagens middagsdialog. Vi åt wok, og der var det blant anna minimais og pastinakk. Jens lurte på kva mais heitte på engelsk, og syns det var litt rart at det heitte "corn". Det liknar jo veldig på "corner", og det har då ingenting med mais å gjere... Så held han opp ei bit pastinakk, og lurar på kva det er, og seier at det er godt. Lise slenger seg med i samtalen: "Og meg likar sakkinakk!"
Jens: "Det heiter pastinakk, Lise!"
Lise, etter å ha tenkt seg om litt: "...på engelsk e det pakkinakk!"

Ingen kommentarer: