fredag 26. oktober 2012

O jubel, O glede!

"Snø, pappa! Løft meg opp, eg vil sjå!" For ein fantastisk måte å starte dagen på! Dette har vi venta på lenge (enkelte av oss, altså) og gleda var til å ta og føle på, då to små sjeler trykte seg saman ved inngangsdøra for å få eit glimt av dette:


Det er noko heilt eige og veldig fantastisk med den første snøen. Det var greit at vi ikkje hadde lite tid då vi skulle gå i barnehagen...:


Ein time seinare var det lyst, og eg var på Sand. Skulen møtte meg i ny drakt:


Og då eg skulle heim, var det tydelege spor i snøen. Både av elevar som fryda seg over den nye snøen, og av dei som prøvde å komme seg til bussen så raskt som råd...


Nokon hadde klart å samle snø nok til å bygge sesongens første snømann. Eit sannferdig vitne: No er det snart vinter, folkens!


Snø på fjelltoppane, og snø på vgs-bygga:


Vel heime att frå jobb, vart eg møtt av eit rimeleg stille hus. Det var kun Nina som var inne, "lydmaskinene" våre var ute, på baksida av huset, og aka!


Den vesle snøen vi fekk, vart utnytta til fulle! (Nokon ville gjerne ha ut skia også, men der sette vi foten ned...)


Erfjorden er rik på fisk, og viss ein er på rett stad til rett tid, kan ein få god fangst. Mange er ute og prøver lykka av og til, og mange får meir fisk enn dei vil ha sjølv. I ettermiddag kom eks-kollega Jarle kom på døra med flotte småmakrellar til oss. Veldig hyggeleg! Her ligg dei sløydde og fileterte på skjerefjøla:


Makrell er god mat, så no gler vi oss til eit par makrellmiddagar i nær framtid!


Ingen kommentarer: