søndag 7. oktober 2012

Siste etappe

No når haustferien endeleg har innteke oss for fullt, fann vi ut at det var på sin plass med ein skikkeleg hausttur. Siste nut av årets nutfant-nutar var Kleppsnuten, så valet var enkelt!


Med pølser på termosen, potetmospose og varmvatn og frukt i ein boks, var vi godt rusta for turen. Og sjølvsagt litt turgodt, som vi kunne kose oss med på alle småstoppa undervegs...  Turen startar på ein grusveg, men går raskt over til å bli ein ganske bratt skogssti:


Vi må også krysse ein bekk på turen, og i dag var det ganske bra med vatn. Litt utfordrande å komme seg over, men det gjekk bra både opp og ned! (Og det kom nokre skikkelege regnskyll medan vi var oppe på fjellet, så på veg ned att kunne vi tydeleg sjå at bekken hadde vakse!)


Det er langt å gå for små bein, men Lise klarte å halde koken heilt opp til klovnesteinen. Vi fortalte henne eit stykke nedi bakken at neste stopp var ved ein stor stein som hadde blitt delt i to. Ganske snart såg ho to steinar i stikanten, og lurte på om det var dei. Ikkje det nei... Dei då? og peikar litt lenger fram på stien... Det er ikkje så lett å ha begrep om storleik og slikt. Ein stor stein er då ein stor stein... Klovnesteinen kan for øvrig sjåast heilt til venstre på dette bildet:


Som nemnt kom det litt regn medan vi var der oppe, og særleg det siste stykket mot toppen. Der var det også ein del vind. Akkurat det stykket gjekk vi dermed så raskt som vi kunne, og tilbake til ein god stad å sitje i le. Likevel har vi nokre fine bilder å vise fram frå turen! Berre sjå her:






Lise gjekk som sagt opp til klovnesteinen, den du ser midt på bildet over, og etter det så hadde eg henne på ryggen. Jens er ei fjellgeit av dimensjonar, og gjekk sjølvsagt heile turen sjølv. Eg hadde stegteljar, og enda opp på 13 100 steg. Jens er vel kanskje nærare 20 000 han då...

For å halde varmen i vinden, hadde Lise på seg to ullhuer og eit panneband utanpå der igjen...  Stilfullt, eller?


Ein sliten, men fornøgd, gjeng kunne setje seg i bilen og køyre heim. Vel fornøgde med å ha blitt nutfantar også i år!

Ingen kommentarer: