torsdag 18. oktober 2012

Vente på Godot i ei tidsmaskin

Jens kom i skade for å øydeleggje regnbuksa si på skulen i dag, så i kveld skulle han og mora reparere den, medan Lise og eg begynte på kveldsstellet. Lise var midlertid svært lite villig til å vere på badet, og grunngjevinga var slik:

"Nei! Eg vil inn og sjå på tidsmaskina!"

Og tidsmaskina, den ser slik ut...:


Og så er det han som ventar på Godot... eller Shrek, som vi også kan kalle han. For eit par veker sidan kjøpte vi ny tannkrem til Jens, og han fekk akkurat den han ynskte seg: Den med bilde av Shrek på! Problemet er berre at den andre tuben, den med sabeltanntigeren på, må bli tom først... Og den blir jo aldri tom! Kvar einaste kveld håpar han at vi ikkje skal klare å få meir ut av den, men personleg trur eg at der er tannkrem i alle fall til ein 3-4 dagar til... Utruleg lang ventetid! Og Shrek står på hylla og lyser i mot oss kvar kveld. Lengsel, du lengsel...


Ingen kommentarer: