fredag 19. oktober 2012

Ventetrening

Nokon av oss får god trening i å vente om dagen. I dag har vi venta på besøk, og etter bading på Sand i ettermiddag, venta vi på Lise og mamma...


Då er det jo greit at det er ei stor idrettsbane like ved. Litt tjuvklatring over gjerdet, og så hadde han eit enormt anlegg heilt for seg sjølv!


Og når han då i tillegg fann ein gamal, nesten øydelagt ball, var lukka påtakeleg. All ytre staffasje var slitt vekk, men blæra gjekk det i det minste an å sparke rundt!


Til slutt kom mamma og Lise, og endeleg kunne vi køyre og møte besøket vårt: farmor og farfar, som kom køyrande heilt frå Sogn! Vi var svoltne etter badinga, og dei var svoltne etter køyreturen, så då passa det godt å stikke innom "Lille Sand" og kose oss med pizza og is.


Det første Jens gjorde då vi kom heim litt seinare, var å spørje farfar om han ville vere med å sparke ball... Ein må benytte kvar sjanse ein får til å sparke litt! Og farfar vart med, så då var lukka bortimot fullkommen.


Ingen kommentarer: