fredag 16. november 2012

Betre seint enn...

Det er nokre dagar sidan farsdag no, men den heilt store bloggenergien har ikkje vore tilstade, så då får eg prøve å ta tilbake det tapte no... Flotte kort frå mine skjønne born:


Det raude kortet med utklipt mønster på er frå Jens. Han har dreve mykje med "trylling" i det siste, og det har lege utklipt papir i haugar og dungar både her og der. Veldig stas å sjå eit "trylleri" bli brukt til noko konstruktivt! Og på baksida har han sjølvsagt skrive teksten heilt sjølv. Lise gav motvillig frå seg hjartekortet. Det har ho laga i barnehagen, og ville nok helst behalde det sjølv.

Og så fekk eg eit flott nøkkelring, laga av Jens!



Og på baksida ein stilig traktor:


Dei kom ned til meg om morgonen, med gåva, kortet og ein asjett med ein vaffel på. Før dei gjekk ned, har eg fått vite seinare, ville dei gjerne synge "happy birthday to you", og mamma måtte forklare at det ikkje var heilt bursdag... Nede hos meg lurte dei fælt på kva sang dei skulle synge, og enda opp med den kjente farsdagssongen: "Med krøllet hale og nesevis, i bingen springer en gris. I søla den ruller seg inn, og tramper med alle de fire små bena i maten sin. Du store min! Å huff huff'a'meg for en gris du er!" Jada... Men den virka! Eg vart glad og lys til sinns, og følte meg som verdas heldigaste far (noko eg jo faktisk er!) Og vaffelen var god, sjølv om Lise åt mesteparten...

Ein liten digresjon mot slutten. Vi var på korps- og kulturskulekonsert på tysdag, i gymsalen på Vik. To kjekke timar saman med eit rimeleg stort publikum og mange spente og flinke artistar!


Det var eit allsidig repertoar, alt frå dei ferskaste nybegynnarane i 1. og 2. klasse, som delte det dei har lært til no i haust, til eldre elevar som har lengre tid på baken og meir sjølvstendige framføringar, til ungdomsskuleelevar som opptrer mutters aleine med song og gitarspel (utruleg tøft gjort!) og med flott forteljing av eit segn frå Erfjord. Og så korpset då, sjølvsagt, som spelte mange fine og tøffe melodiar til oss. Alt i alt: Ein kjekk kveld!

Det var pause halvvegs i konserten, og då selte dei rundstykker, lappar og kaker i kiosken. Det nytta vi sjølvsagt flittigt... Lise fekk blant anna lapp med rømme på, og såg ut som ho hadde vunne ein million i lotto! Og så sjokoladekake då, sjølvsagt...

Heilt til slutt eit bilete av Lise som oppdagar at det har blitt ganske så brunprikkete på golvet framfor beina hennar, og lurar på kor det kjem i frå...



Ingen kommentarer: