torsdag 1. november 2012

Femtemann

Ok, eg skriv femtemann, men eigentleg er det litt misvisande. I dag fekk vi nemleg vite at femtemann er ei femtedame! Ho er frisk og fin, og ligg og gøymer seg vekk bak morkaka. Likevel fekk legen målt det ho skulle, og vi fekk med oss nokre fine bilder heim frå Haugesund i dag:

 
Det er ikkje alltid like lett å tolke slike bilder, men det er utruleg stort å få kikke inn i ei verd som er så nær oss, og likevel så utilgjengeleg! Kva tenkjer ho på der inne? Korleis er det å ligge så vekkgøymd og isolert? Sikkert ganske deilig, tippar eg!

På bildet under kan vi tydeleg sjå ansiktsprofilen:


Viss nokon vil påstå at ho liknar nokon dei har sett før, kan eg røpe at den påstanden har vi også sett fram. Det er heilt tydeleg at Nina og eg kan visst berre ei oppskrift... 

Slik ser foten til yngstejenta vår ut:


...og slik såg føttene til eldstegut ut då vi hadde kome oss vel heim att frå både ultralyd, blodbank og handletur på Amandasenteret:


No er vi spinnklare til å begynne på fotballtrening, altså!

Så var det mellomstejenta då. Ho var ikkje heilt villige til å gå heim frå barnehagen i dag, for å seie det slik. Grunnen ser du her:


Barnehagen vår har blitt utruleg gode på det å ha med dyr som borna kan leike og kose med. Måndag sat dei og studerte to hamsterar då ho skulle heim (motvillig...), og tysdag var der som vanleg besøk av ein hest. I dag var det altså ein liten hundevenn som stakk innom!

Det er ikkje like enkelt når det er to ivrige passarar og berre eitt hundeband...:


1 kommentar:

Ingunn sa...

Så koseleg! Gratulerer så mykje til dokke alle saman!

Helsing frå oss fire på Varhaug!