lørdag 10. november 2012

Frå turn til kino

Dette har vore ei travel veke. Er inne i konferansetider på skulen, og det krev alltid mykje tid. Likevel har vi no fått tid til litt familieaktivitetar også! For eksempel starta vi veka med å vere direkte sportslege. Lise svinga seg i taua på turn:


... og Jens deltok på si aller første fotballtrening. Det gav tydelegvis meirsmak, for han var verkeleg gira då han kom heim. Han kunne fortelje at han hadde scora tre gonger på Bjørn (trenaren), og la ut om korleis han hadde gjort det. Ei soveklar Lise sat med store auge og høyrde på. Fleire gonger prøvde ho å bryte inn, utan hell, men fekk til slutt ordet. Med beundrande fjes og forsiktig respekt i stemma, spurte ho: "Var det .. ein stor bjørn?"

Det hadde vore spennande å sjå dei bildene som hadde sirkulert oppi hovudet hennar minutta før!

Når det gjeld Bjørn, så verkar det som han har kontroll på dei små og har ein god plan med treninga. Viss du les dette: Vi er veldig glad for at du er trenaren til Jens!



Vi har sett opp fuglebretthuset vårt igjen, og har jamnleg besøk av små flygande vener. Koseleg å sjå på! (Sjølv om brettet heilt tydeleg har stått ute ei vinternatt eller fem tidlegare...)

Fuglebrett på plass er eit sikkert teikn på at det nærmar seg vinter. Det er også innleiinga av den store bakesesongen. No er det riktig nok polarbrød som vert bakt på biletet under, men av ein eller annan grunn kjem eg i litt adventstemning når eg ser det...


I dag er det laurdag, og endeleg ein god pause etter arbeidsveka. Store delar av morgonen i dag brukte vi til å danse og leike til musikk! Først var det pappa sin rockemusikk som var rytmeskapar, og vi var ganske gåen i bein og armar etterpå. Ikkje så rart, kanskje...:


Etter ein god pause, sette vi på litt meir klassisk musikk, og levde oss inn i mange ulike stemningar. Utruleg kjekt å danse!

Eg spurte Jens i kveld kva som hadde vore kjekkast i dag. Då svara han: Ete godteri og gå på kino. Vi var nemleg på kino i ettermiddag! Ei flunkande ny innspeling av det klassiske eventyret "Reisa til julestjerna" hadde premiere i går, og vi gledde oss til å sjå! For Nina og meg er det jo litt ekstra spesielt, sidan vi har sett den gamle filmen med Hanne Krogh ein del gongar tidlegare. Og vi kan røpe: Denne nye er utruleg mykje betre!


Her var humor, spenning, eventyr og magi i skjønn forening. Nokon gongar var det skummelt, særleg når den onde greven prøvde å hindre Sonja i å finne julestjerna. Lise sat litt med hende framfor auga, men likevel var det første ho sa etterpå, i det same filmen var over: "Kan vi sjå den ein gong til?" Det tyder jo på at den traff likevel!

Det vart ein fin familietur til kinoen, og ei flott filmoppleving!

Ingen kommentarer: