mandag 5. november 2012

Julegåveweekend

I helga har eg og Jens vore på guttetur i lag! Vi hadde lyst på leir, og durte i veg nord- og vestover til leirstaden Solgry i Sveio:


Her vart vi innlosjerte på rom 25 ("Det beste rommet, pappa!" Jens var rimeleg fornøgd med talet...)


 Vi fann ganske raskt (faktisk før den aller første samlinga!) fram til den staden som vart Jens sin desiderte favorittplass på leiren: Ballbinga!


Der hadde han det som plommen i egget, og var nede i dei fleste pausane i løpet av dagane.

I løpet av helga var det fleire barnemøter, og medan vi sat og venta på dei skulle starte, var det fin tid til å sjå på flaggrekkene som stod fremst i salen. God underhaldning for ein flaggfreak!


Det var fleire ulike talarar på leiren, og Leon Dyngeland stod for barnebibeltimane laurdag og søndag. Her lærte vi om Abraham og Sara som budde i Mamres terabintelund, og som fekk besøk av sjølvaste Gud! (Akkurat slik vi gjorde, då Jesus kom til jorda)


Det heiter ikkje julegåveweekend for ingenting. Laurdag var det tid for juleverkstad, og Jens og eg fann vegen til tresløyden. Her pussa og bygde vi saman halvfabrikat:


Og pynta med sviapparat etterpå:


Riktig stilig vart det! Eigekomponert mønster, og stor brenneglede...


(PS! Ikkje snakk om dette til Lise, sidan ho skal få den til jul...!)

Så var det sjølvsagt kiosk. Vert ikkje skikkeleg leir utan!



Vi var verkeleg heldige med véret denne helga. Eg tok meg ein tur ut for å nyte den fine naturen på laurdag. Og Jens? Han var sjølvsagt her...:


Ein kvar leir med respekt for seg sjølv har kosekveld på laurdagen.


Det kan gå hardt utover både born og vaksne. Særleg vaksne...


Kvart over ni om kvelden var det tid for kveldslesing. Rekordseint for Jens, men han holdt ut!


Søndag oppdaga vi at det var ei stilig go-cart-bane rett nedanfor leirstaden. Bilane var ikkje i bruk, men der var sparkesyklar og store trehjulssyklar av robust kvalitet, som dei kunne suse rundt i. Ser du Jens?


Både Jens og eg kosa oss på leir, og kjem definitivt til å gjere noko liknande ein annan gong. Nokon som vil vere med?

1 kommentar:

Ingunn sa...

Ååå, leir er så kjekt! Gler meg til at våre kan reise!

Heldige med Leon, han er kjekk å høyre på!