søndag 30. desember 2012

11 happenings i 2012

Tenkte eg skulle lage ein kavalkade, og for å avgrense meg litt kjem her elleve hendingar eg hugsar frå året som har gått, i kronologisk rekkjefølgje. Hendingane kan lesast meir om ved å trykkje på bildet. Sidan starten på året var både ... traurig og seig, kjem ikkje første storhending før i april. Då var vi i Balestrand, og i barnedåpen til vesle Mateo:


 Vel heime frå påskeferie, heiv vi oss snart i finkleda att og var fadrar til vesle Sakarias:


Våren 2012 fekk bunadar og finklede verkeleg køyrt seg. I tillegg til to dåpar i april, 17.mai-feiring i... mai..., var vi også i konfirmasjonen til Pål Martin i starten av mai!


I same månad var vi også på show med Sune Wentzel på Sand, og sidan nokon følte at livet hadde forandra seg etter møtet (...), så bør vel også denne hendinga vere med her...


Og som ikkje det var nok... Mai var verkeleg ein driftig månad! Det var nemleg denne månaden vi også var på tur med KRIK til ishallen i Stavanger, og fraus beina av oss i halvannan artig time. (Etter først å ha gått beina av oss frå der bussen sette oss av, ved feil ishall...)



Så kom sommarferien, og den etterkvart sedvanlige veka på Lyngdal Bibelcamp!


I august skjedde det noko som verkeleg endra livet til Jens. Han begynte i 1. klasse, og vi må no forholde oss til skulen også som foreldre. Ikkje ei heilt enkel rolleblanding alltid...


I september reiste heile klasse 9A til Foldøy, til to dagar med leirskule. Der kikka vi blant anna etter fuglar i fuglereservatet:


Både Nina og eg har mange gode minner frå leirar vi deltok på opp gjennom oppveksten. Det var difor veldig kjekt å kunne ta med Jens på weekend på Solgry i November! Det var ei julegåveweekend, så han fekk laga julegåve til både Lise og mamma under opphaldet, i tillegg til mange timar i ballbinga... Her er det høgtlesing før leggjetid:


Den største hendinga som har skjedd hos oss i år, er veslesøster som flytta inn i magen, og no jobbar med å bli stor og sterk! I november var vi på ultralyd og fekk kikka litt på den skjønne:


Den siste hendinga som får vere med i denne kavalkaden, er KRIK-cupen i november. Vi stilte med fotballag frå Erfjord, og fekk i tillegg med oss konsertar med Kutless og The Afters i Bjerkreimshallen:


Det er nok fleire ting som kunne bli nemnt her, men eg avgrensar det til dette. Ynskjer du å vite meir, kan du berre lese gjennom blogginnlegga frå året som har gått...

Godt nytt år til alle som er innom Nøstbakkens!

To kveldar på tampen av året

Små glimt frå 4. siste og 3. siste kveld i 2012... Fredag var det juletrefest på Betel, og Lise, Jens og eg køyrde ned på glattisen, pynta og klare for julesongar og gong rundt juletreet.


Juletrefesten her er (sjølvsagt) heilt annleis enn jultrefesten frå min barndom i Sogn. Det blir ikkje nett det same for min del, men for Jens og Lise er det dette som blir deira barndoms juletrefest! Og festen er lagt veldig opp på borna sine premiss, med fokus på deltaking i både leikar, song og juletregong. Her er mange av dei samla for å høyre forteljing:


Lise hang stort sett saman med Levi heile kvelden, og det var ikkje alltid så lett å fylgje med på kor dei var... Men som regel var dei der det skjedde, noko som førte til nestendeltaking i "hente-leiken" (dei vart delt inn på lag, men var vekke før leiken starta på skikkeleg...) og også song for julenissen. 


Det var i det heile to slitne, men fornøgde, born eg hadde med meg heim litt seinare fredagskvelden...

I går hadde vi besøk av Kjellaug og Gunnstein, og som vanleg var brettspel hovudingrediensen. Vi kom gjennom ikkje mindre enn fire ulike spel, og kjekt var det! Vi starta med curling, og sidan eg, etter førre blogginnlegg med bilde av curlingspelet, vart beskyldt for å ta bilder som framheva meg sjølv, kjem her eit bilde der laget mitt (altså Nina og eg, med dei blå steinane) tapte så det sang:


Så spelte vi eit nytt spel som heiter Den forbudte øya, der alle fire var på lag, og spelte mot sjølve spelet. Det var om å gjere å klare oppdraget før øya synk i havet...


Det var eit veldig artig spel, og veldig kjekt å kunne sitje og diskutere strategi saman, heller enn å sitje og lure på om ein gjer lure val eller om det heile går rett vest... Og vi klarte oppdraget!


Etterpå spelte vi eit spel som heiter Riff Raff, der vi skulle plassere ulike gjenstandar på eit gyngande skip, utan at dei dett ned. Og dett gjenstandane ned, er det om å gjere å klare å fange dei... Veldig kjekt selskapsspel!


Til slutt spelte vi Mondo, men det har eg dessverre ikkje bilete av. Eg kan likevel seie det viktigaste: Eg knuste dei andre totalt, med opp til fleire poengs margin!

lørdag 29. desember 2012

Reise i tid og rom

Eg fekk ei lita skattekiste til jul i år, i form av ei trill rund plate med bilete. Og ikkje kva for nokre bilete som helst, men bilete frå min eigen barndom! Mine kjære foreldre har scanna inn ei rekkje med lysbildekassettar, så no kan eg sjå på bileta nett når eg vil.

Eg hugsar kor eg elska å sjå på lysbilete heime. Det hadde ei eiga stemning: Heile familien samla på eit soverom med blendingsgardin, surringa frå lysbildeapparatet og den særeigne lyden av bilete som vert skifta. Og skarpstilling, ikkje minst...

No vert det lengre mellom sjansane for lysbildeshow, så då var det ei svært gledeleg overrasking å få bileta på CD. Det er ei lita reise i tid og rom å "bla" gjennom. Berre sjå her på desse smakebitane:


Nokon som kjenner han att?


Brunostgjengen. Og reven!


Ny olabil, med fleksibel motor...


Skitur på Utvikfjellet.


Mange nære og kjære på eitt brett.

Å, eg elskar tidsmaskiner! Back to the 80's!

torsdag 27. desember 2012

Julekatten

Fornøgd med jula?


Eg berre spør...

onsdag 26. desember 2012

All I want for Christmas...

Det er ikkje alltid så lett å vite kva ein skal seie når nokon spør kva ein ynskjer seg til jul. Anten er det så mykje, at ein har vanskar med å velje ut noko, eller så kjem ein ikkje på nokonting... Lise hadde ikkje dette problemet før jul. Svaret var ganske bestemt: Ho ynskte seg hest ... eller ein boks... Og det er ikkje kva boks som helst, ho ville ha ein som ho kunne leggje kvite steinar oppi (Ho hadde nemleg lest om ein slik boks i ei av bøkene sine...)

Laurdag var Jens og eg på Sand for å finne ein fin boks og kvite steinar til Lise (Vi får ta hest eit anna år...) Der kom vi over denne boksen, som til alt overmål har bilde av ein hest på lokket!


Heime kledde mamma den med raud filt i botn, og så la vi ein del kvite pyntesteinar oppi:


Og gåva gjorde suksess! Den har blitt sett mykje på, og har til og med vore med i senga to netter på rad! Ein annan som også har vore med i senga, er dinosauren:


Dei med ekstra godt minne, hugsar kanskje at eg skreiv om den her: Advent i hjarta. Og som anteke: Ho vart glad for den!

Til slutt eit bilde av ei scene eg har sett mykje det siste døgnet: Jens som sit og anten bygger eller leikar med legobilar han fekk til jul:



tirsdag 25. desember 2012

Jul, jul, strålande jul!

Søndag kunne vi endeleg tenne det fjerde adventslyset, og med det slå fast at jula kom i år også. Lise er ivrig lysmeister!



 I førre veke kjøpte eg med meg eit tre på veg heim frå jobb, og i år syns vi at vi fekk tak i eit som såg fint ut! Stolt trefinnar:


Søndag vart treet pynta:


Og slik ser det ut ferdig pynta:



Vi fekk fint snøvér om formiddagen på julafta, så då var det kjekt å vere ute og ake:


Jens fekk opne ein pakke om formiddagen, og tilfeldigvis valgte han pakken som inneheldt nye ski. Og det var bra, for då fekk han prøve dei på det flotte snøføret!


Også Lise fekk opne ein pakke, og pakka opp eit ... Sylvanian Families-hus! O lukke! Tenkjer at ho kjem til å bruke nokre timar med desse figurane i tida framover, ja...



Då vi skulle i kyrkja klokka 16, regna det ganske godt, og føret var mildt sagt dårleg. Det var berre så vidt eg kom meg opp bakkane på veg heim att! Men det hindra uansett ikkje Lise i å vere julepynta og klar for gudsteneste:


Og så var det julemiddagen. Nam!


Etter middag var det tid for meir pakkeopning. Blant anna fekk eg og svigerfar oss nye gensarar:


Og så testar vi ut Compact Curling-spelet eg fekk av Nina. Hard kamp på stovebordet!


Og det er ikkje det at eg likar å skryte (.) men eg har oransje "steinar"...

tirsdag 18. desember 2012

Julefest!

I kveld var vi inviterte til julefest på skulen (Eg og Lise, altså. Mamma og Jens skulle jo gå uansett...) Vi møtte opp med store forventningar, og gledde oss til blant anna å høyre skulekoret:


Rektor ynskte oss velkommen...


...og så braka det laus med julespel! Først ut var 1. og 2. klasse, som, tradisjonen tru, framførte juleevangeliet:


Englane og hyrdane på plass i stallen. Og så dukkar vismennene opp:


Ein god del julesongar høyrer med til spelet, og vart fint framførte:


Ein flott gjeng!


Publikum fulgte nøye med på det som skjedde på scena:


Så var det 3. og 4. klasse sin tur, og dei hadde skodespel om hakkebakkeskogen. Kjenner du att dei ulike rollefigurane?


Mellomtrinnet framførte ein humoristisk eventyrpotpurri, der vi møtte på ganske mange figurar frå kjende eventyr. Desse figurane kom ut for ganske mange merkelege ting, så det var artig å sjå på!

Raudhette, ein musefamilie, ein hare, fire av sju dvergar, Snøkvit, Per, Pål og Espen...
... Snøkvit, Per, Pål, Espen, Gamlemor, Tom Cruise og ambulansepersonell!
 Publikum hang fortsatt med, men du verda så trøytt ho var då vi kom heim att!


Det var i det store og heile ein koseleg julefest på skulen, og for nokre supre elevar!

På veg inn og ut av salen, delte elevar ut kakemenn som dei hadde laga på juleverkstaden. Jens fekk faktisk ein kakemann som han hadde laga sjølv, og slik såg den ut:


Kan du sjå kva for eit dyr som er uthola inni?

Som eg skreiv, var Lise mildt sagt veldig trøytt då vi kom att frå julefesten, og i dag hadde ho dobbel grunn til det. Tidlegare på dagen hadde dei nemleg nissefest i barnehagen. Det var ei glad og entusiastisk lita nissejente som gjekk til barnehagen i dag tidleg!