torsdag 6. desember 2012

Å reise til julestjerna

I dag hadde vi planlagt familietur til Sand, der vi skulle sjå teaterstykket "Reisen til julestjernen", framført av Sandeid barne- og ungdomsteater. Tur vart det, men annleis enn vi hadde tenkt. Lise har nemleg vore sjuk i dag, og var slett ikkje i form til å reise på noko teater. Dermed var det å ringe for å finne nokon som kunne vere med oss i staden, og Dagfinn og Elias heiv seg med. Dermed vart det gutetur til Sand i staden!

Det første som møtte oss då vi kom inn dørene på kulturhuset, var årets pepperkakeby:


Så benka vi oss inne i salen, og både Jens og Elias sette seg godt til rette, klare for å bli underholdt. Og det var ei flott forestilling! Det er heilt tydeleg at barne- og ungdomsteateret har jobba lenge med dette, og gjort godt arbeid når det gjeld både skodespel, kostyme og rekvisita. Her er nokre bilder frå forestillinga, teke på heller tilfeldige stader i forteljinga...:

Ole og Petrine vaskar på slottet
Ei fattig kone og barnet hennar møter den onde greven i skogen. Ikkje noko lystig møte!
Sonja på besøk hos sjølvaste julemannen!
Julestjerna vert sungen ned frå himmelen, og vert etterpå gitt til Sonja, som ligg og søv lenger borte på scena.
Til slutt vert det heile oppklara, kongen får tilbake si sakna dotter, og ensemblet kan motta velfortent applaus.

Vel heime frå Sand, fekk vi ta i augesyn prosjektet som mamma og Lise sette i gong då vi køyrde frå dei. Lise hadde sjølvsagt lyst på teater, men ei god stund med hobbyaktivitetar kan vege opp for det meste! Ho elskar hobbyting, så for henne er det supert at vi har lagt opp til ein god del av det slaget i adventskalenderen.

I dag skulle dei lage engel, og her er det flotte resultatet: 



Ingen kommentarer: