lørdag 1. desember 2012

Advent i hjarta!

Endeleg er ventetida over! Advent er her! Eller, vent litt... La ventetida starte, no er det advent!

Advent = kalendertid. Også i år har vi kalender med 24 ruter, og nedtellinga mot O jul med din glede har starta. Tradisjonen tru har vi songkort med fine bilete og julesongar, ein for kvar dag:


I tillegg har vi år kjøpt ei adventsbok som verka veldig lovande:


I denne boka er det ei lita forteljing for kvar dag. Vi fyl dei to borna Truls og Line gjennom adventstida, og dei har forslag til aktivitetar for kvar dag. Her er dagens historie:


Og vi: Fram med målarskrinet og male i veg!


Her er Lise sitt lilla adventshjarte:


Og Jens sine:


Sidan vi skulle på julemesse på Betel i dag, og det ikkje var så altfor lang tid sidan frukost då messetida nærma seg, hadde vi ei haba-haba-fruktstund på føremiddagen. Deilig!


Så var det tid for julemesse! Den har vore førebudd i lang tid no, så det var herleg å endeleg vere der. Mykje folk og fine gevinstar, og ikkje minst eit fint møte i starten. 


Vi hadde andaktshaldar heilt frå Kvitsøy. Stian Bjørsvik viste spennande bilder på veggen (Avslørte bit for bit, og så måtte vi gjette kva som var under. Borna sat som lys!) og talte om Peter som først vart skuffa (over både Jesus, som døde i staden for å redde dei frå romarane, og over seg sjølv, som svikta Jesus då han trengte han som mest) men som etterpå fekk den beste gåva av dei alle: Guds frelse og kjærleik!

Og så var Bjerkreims Syngande Kameratar der og song for oss. Flott song!


Etter møtet var det tid for loddkjøp og andre kjøp. Barnebordet var populært, dei fleste fann ting dei kunne tenkje seg der!


Lise valsa rundt omkring på bedehuset stort sett heile messetida. Kjøpte seg sjokoladekaker i fleng, laurdagsgodt og graut, og snurra på lykkehjulet...og vann! Ho valte seg ein stilige grøn hai, som kunne trekkjast opp til å vifte med halen (Den er med i senga no, for å seie det slik...) Ganske tidleg såg ho ein flott dinosaurbamse, og det var Irene som selte den. Irene hjalp henne med å finne ut om ho hadde nok pengar, noko ho dessverre ikkje hadde... Dei talte fleire gonger, men same nedslåande resultat kvar gong. Skuffa måtte ho konstatere at ho ikkje kunne kjøpe den... (Men det Lise ikkje veit, og som ingen av dykk må avsløre for henne, er at i denne stund står den same dinosaurbamsen på ein vekkgøymd plass i huset vårt og ventar på jula... Tippar ho kjem til å bli glad for den!)

Jens hadde som vanleg vinnarlukke, og sat at med to korger etter åresalet. Ei med frukt og snop, og ei med kransekakebitar. Han hadde også fått med seg litt pengar til å handle for, og ein av dei tinga han kjøpte seg var ein boks med peanøttkjeks. Dei kjem frå vårt eige kjøkken, og han hadde så inderleg lyst på då vi laga dei... så no hadde han sin heilt eigen boks å kose seg med!


Det var som vanleg koseleg på julemesse (og noko mindre klaustrofobisk, sidan messa i år var på Betel og ikkje i Hålandsosen). Og som vanleg var vi ganske slitne då vi kom heim att. I ettermiddag har vi kosa oss... med kransekake, snop, frukt og peanøttkjeks!

Og vi er steinklare for første søndag i advent!

Ingen kommentarer: