søndag 9. desember 2012

Andre adventssøndag - i sola!


I dag tente vi sanneleg det andre adventslyset, og eg innser at det no er under to veker att til juleferie. Både jippi! og hjelp, korleis skal eg få tida til alt? Jaja, godt med ein søndag der ein ikkje treng å gjere så vanvittig mykje, men heller slappe av og nyte tida. I dag vakna vi opp til slikt vér:


Og godvéret haldt seg utover dagen. Etter middag tok Jens og eg oss ein ake- og fototur rundt på feltet og i Habn, og her ser du nokre resultat av den turen!

Fin utsikt mot Bogsund
To andre som også var ute på søndagstur
På aketur går det fort litt unna!
I Habn
Snøetepause
Vi tok ein del bilder av flygande snø. Jens stod for flyginga...
Kastar snø på høgspenten!
Til slutt eit bilde frå i går kveld. Ivrig gut støvsuger stova, til inntekt for SOS barnebyer (skulen har omvendt adventskalender, der dei kan gjere jobbar, tene litt pengar og samle inn til barnebyane!)

 

Ingen kommentarer: