søndag 2. desember 2012

Eit lys for jorda

"Tenn lys! Et lys skal brenne for denne lille jord"


Då er vi liksom "i gang" for fullt. Første søndag i advent, og julepynten og julestemninga inntek oss, sakte, men sikkert.


Når ein då i tillegg har snø som lavar stille ned, og eit lysande kvitt landskap som berre innbyr til leik, så kunne ein nesten ikkje hatt betre føresetnader for å få adventsstemninga!


Denne vesle karen gjer også sitt for å skape stemning:


Koseleg med dompap i skogen!

I dag song vi "Tenn lys" og tente det første lyset...


Og pynteenglane vaktar lyset!


Endeleg, ENDELEG! kunne vi finne fram skia, til jubel og glede for dei som har gleda seg til snøfall sidan slutten av august:


Høgt tempo med nokon, medan andre kjem litt lenger bak...


Men ho kjem seg då framover, så lenge ho står på beina. Vi må nok øve på det å komme seg opp att i løpet av vinteren...


Ingen kommentarer: