mandag 3. desember 2012

Hjartefilting

Det var ei jublande glad jente som kom inn døra i ettermiddag: "Mamma! Kom og sjå!" I handa hadde ho eit stort pepperkakehjarte, fint pynta og pakka i cellofan. Det var ho som vart trekt i kalenderen i barnehagen, og fekk difor lov til å ta med pepperkakehjartet sitt heim. O lykke stor! Saman med pepperkaka fulgte det eit stort, raudt hjartekort, der det stod fine ting om Lise. Ei hyggeleg gåve!


Ho sette seg godt til rette for å ete herlegdomen. Storebror sirkla i nærleiken, men det sat hardt og langt inne å skulle dele, sidan den var "berre min!" Til slutt fekk han heldigvis smake litt, han også...

Etter middag gjekk Jens på fotballtrening, medan Lise og mamma rigga seg til med hobbyaktivitet på kjøkkenbordet. I "Adventshjarte"-boka er dagens aktivitet å filte ullhjerter, og slike hobbyting er midt i blinken for Lise! Ho gjekk i gang med nål og ull, og stakk til den store gullmedaljen (sjølv om det sjølvsagt var vanskeleg å halde fokuset heile vegen, og så veldig lenge om gongen...)


Og resultatet vart fint!


Ingen kommentarer: