lørdag 15. desember 2012

Skøyter og snø!

Tidleg denne veka var det godt skøytevér i Erfjord: Det var kaldt, og det var sprøyta vatn i ballbingen på Vik. Dermed kunne vi leite fram skøytene, og kose oss på isen. Her er Jens på SFO, og på skøyter for andre gong. Knallgøy!



Det var tysdag. Onsdag begynte det å snø, og torsdag ettermiddag såg det slik ut ute:


Ikkje mykje skøytevér, men desto betre hoppe-i-snøenvér og ikkje minst: Akevér!


Det er ikkje så ofte at vi har mykje snø her hos oss. Vi prøver å nyte den så godt vi kan medan den er her, men akkurat i dag har ikkje det vore så lett. Det er mykje vind, og ikkje så triveleg å vere ute i det heile.

Til slutt eit bilde av fuglebrettet vårt, som heldigvis har tak! Lykta våre står også i hjørnet her, men det er mange dagar siden den såg dagslys...



Ingen kommentarer: