søndag 30. desember 2012

To kveldar på tampen av året

Små glimt frå 4. siste og 3. siste kveld i 2012... Fredag var det juletrefest på Betel, og Lise, Jens og eg køyrde ned på glattisen, pynta og klare for julesongar og gong rundt juletreet.


Juletrefesten her er (sjølvsagt) heilt annleis enn jultrefesten frå min barndom i Sogn. Det blir ikkje nett det same for min del, men for Jens og Lise er det dette som blir deira barndoms juletrefest! Og festen er lagt veldig opp på borna sine premiss, med fokus på deltaking i både leikar, song og juletregong. Her er mange av dei samla for å høyre forteljing:


Lise hang stort sett saman med Levi heile kvelden, og det var ikkje alltid så lett å fylgje med på kor dei var... Men som regel var dei der det skjedde, noko som førte til nestendeltaking i "hente-leiken" (dei vart delt inn på lag, men var vekke før leiken starta på skikkeleg...) og også song for julenissen. 


Det var i det heile to slitne, men fornøgde, born eg hadde med meg heim litt seinare fredagskvelden...

I går hadde vi besøk av Kjellaug og Gunnstein, og som vanleg var brettspel hovudingrediensen. Vi kom gjennom ikkje mindre enn fire ulike spel, og kjekt var det! Vi starta med curling, og sidan eg, etter førre blogginnlegg med bilde av curlingspelet, vart beskyldt for å ta bilder som framheva meg sjølv, kjem her eit bilde der laget mitt (altså Nina og eg, med dei blå steinane) tapte så det sang:


Så spelte vi eit nytt spel som heiter Den forbudte øya, der alle fire var på lag, og spelte mot sjølve spelet. Det var om å gjere å klare oppdraget før øya synk i havet...


Det var eit veldig artig spel, og veldig kjekt å kunne sitje og diskutere strategi saman, heller enn å sitje og lure på om ein gjer lure val eller om det heile går rett vest... Og vi klarte oppdraget!


Etterpå spelte vi eit spel som heiter Riff Raff, der vi skulle plassere ulike gjenstandar på eit gyngande skip, utan at dei dett ned. Og dett gjenstandane ned, er det om å gjere å klare å fange dei... Veldig kjekt selskapsspel!


Til slutt spelte vi Mondo, men det har eg dessverre ikkje bilete av. Eg kan likevel seie det viktigaste: Eg knuste dei andre totalt, med opp til fleire poengs margin!

Ingen kommentarer: