onsdag 11. desember 2013

Bytur med girlsa

I dag har eg vore på bytur saman med jentene. Godt køyrevér - overskya, regnfritt og mildt!


Etter at dei viktigaste ærenda var gjennomført, køyrde vi til Ikea.


Lise starta med friskt mot, men vart så veldig sliten i beina etterkvart...


Då er det godt at dei har kafé i andre etasje! Koseleg lunsj der før heimreisa.


Vi rakk 15.30 ferja, men den rakk ikkje oss... den vart stappfull, og vi stod att saman med 5-6 andre bilar på kaia. Litt bittert var det jo, sidan vi hadde køyrt med intenst adrenalin gjennom byen i rushtida... På den positive sida fekk vi sjå ei av dei nye gassferjene! Ikkje lenge att no før sjansane for å bli ståande att vert betrakteleg mindre.


Vel ombord i Tau-ferja vandra Lise og eg opp i salongen. Etter mykje sitting (bortsett frå Ikea, sjølvsagt) var det deilig å bevege seg litt rundt. Så vi gjekk opp på det opne dekket og kikka på Stavanger...


... som forsvann i mørket bak oss...


...på bilane på bildekket ...


... og på Tau som kom stadig nærare.


Resten er historie, som dei seier.

søndag 8. desember 2013

Lysmesse for gode romarar

I ettermiddag var Lise, Jens og eg på lysmesse i kyrkja.


Kyrkja er fint pynta til advent!



Barnekoret gjekk inn i prosesjon, saman med konfirmantane, og opna messa med songen "Julestjernen". Dette var andre opptreden for koret, og det gjekk svært godt denne gongen også!


1.- og 2. klasse skal også i år framføre julespel, og Jens skal i år vere soldat som kunngjer at alle skal innskrivast i manntal. Korleis kler ein opp ein romersk soldat? Vi tenkte at det viktigaste er vel i grunn hjelmen, og gjekk på nett for å få idear. Der kom vi over gode tips til heimelaga soldathjelm (det er utruleg kva ein kan finne på nettet!) Så i dag har det vore klippe- og teipeverkstad i nøstbakkheimen. Og resultatet er både foreldre og soldat stolt av:


Her har det gått med nokre meter grå teip... På litt avstand ser det ut som metall!


Sidan vi er i det skapande hjørnet i dag, har Nina like godt sett i gong eit maleprosjekt på kjøkkenet. No skal stolane få ny ham før flytting!


lørdag 7. desember 2013

Ski, julemesse og spanske dyr

For dei som elskar å gå på ski har denne laurdagen vore perfekt. Vi har to av den sorten her i huset:




Det har kome så pass mykje snø dei siste to dagane at det til og med er litt brøytekant utanfor her! 



Ei som ikkje er fullt så begeistra for snøen er ho her:


... og vi er alle bekymra for korleis det skal gå med henne når vi flyttar om ikkje så lenge... Korleis vil ho takle det, og er det enkelt å få ein 11 år gamal katt til å forstå at maten no er å få ein annan stad? Vi reknar med forvirringa vil vere stor i lang lang tid...

I  dag har vi vore på den årvisse julemessa på bedehuset:


Borna vann ein film og ei dokke, og fordelinga av dei to gevinstane var enkel: Signe fekk dokka, dei to andre filmen... og alle var fornøgde med det!


Elles var det ikkje så mange gevinstar i dag, og heller ikkje i år vann vi med oss ei av desse kransekakene... Kanskje neste år!


Signe var naturleg nok sliten av all viraken, og måtte ha seg ein kvil i vogna.


Sidan vi hadde gløymt babycallane heime, måtte vi halde oss litt i nærleiken, ein av oss. Det var bitande kaldt, men perfekt vintervér til å slå seg laus med fotoapparatet! Nokre døme:




Utdrag frå kveldens hermebøn, der Lise i dag valte å be først:

Lise: Takk Jesus ...
Mamma: Takk Jesus ...
L: ... for at du er god mot oss.
M: ... for at du er god mot oss.
L: Takk for at du passar på oss.
M: Takk for at du passar på oss.
L: Pass på oss i natt, Jesus.
M: Pass på oss i natt, Jesus.
L: Pass på .... alle dyra ... i Spania.
M: (seier det same, men strever med å kome til endes i setningen...)
L: Amen
M: Amen


fredag 6. desember 2013

Snø!

 I dag vakna vi opp til ei kvit verd!




Måtte koste snø av bilen, ja...


Tysdag var vi på adventsamling på biblioteket:


Anne Berit fortalte eit eventyr som engasjerte dei små! Etterpå var det klementin og pepperkaker, og fargelegging. Og boklån, sjølvagt...


Også julebaksten begynner å komme i rute.


Her lagar vi sjokoladetoppar. Som alltid smakar julebaksten aller best i god tid før jul...


Vinterlandskap på Sand. Den vidaregåande skulen i dag tidleg:


Og adventstemning inne i ungdomsskulen:


Desember er rett og slett ein fin månad!

søndag 1. desember 2013

Inn i adventstida

Så er desember her igjen, og julemusikk, klementin, marsipan, julekjeks, stearinlys, adventsstjerne, kalendrar osv... Ute går det litt opp og ned med vinterstemningen. Dagen begynte med kald, klar luft, men gjekk etterkvart over til regn. Sidan eg helst vil ha vinterstemning på årets første adventsinnlegg, får eg heller legge ut eit bilde frå eit par dagar sidan...:


I år er det éin ting som kjem til å ta mykje av tida både før jul og kanskje i sjølve jula også, nemleg pakking og flytting. Men litt tid til vanlege adventsting må vi jo berre prioritere. Det er litt dumt viss det einaste borna hugsar frå advent 2013 er pappkasser og tomme hyller... Så i går bakte vi årets første sort med julekjeks! Heile familien var i sving. Lise delte opp peanøtter i småbitar:


... Jens hakka opp kokesjokolade:


... mamma tok seg av organisering og oppmåling av ingrediensane, medan pappa rørte alt saman til ein deig. Og Signe? Ho tok seg av underhaldninga!

Om kvelden var eg på KRIK, og medan eg sprang rundt i gymsalen og let som eg er sprek, hengte Nina opp adventsstjerna og kalenderen til borna:


Dessutan førebudde ho seg på andakt for 1.-4. klassingar - i dag var vi nemleg på storsamling på Betel, og der er det litt ulike tilbod på andaktsfronten!


Medan Nina snakka om julehistorien på loftet, og førskuleborna var på samling i kjellaren, kunne vi litt eldre glede oss over besøk av sjølvaste Preben, som talte over søndagens tekst: Inntoget i Jerusalem. Her i seriøs førebuing saman med Peder.


Det store høgdepunkta på storsamlinga var det heilt ferske barnekoret, som framførte to songar dei heilt tydeleg hadde øvd mykje på: "Klovnesang" og "Julestjerne". Litt over tjue flotte born stilte opp, og songen var nydeleg! Eg skulle gjerne lagt ut bilde av dei, men tek ikkje heile ringerunden for å få lov no, så seint på kvelden... Til trøyst legg eg heller ut dette bildet av adventslysa som stod ved sidan av koret!


Etter møtet vart det servert middag - nydeleg rømmegraut regissert av Jarle og co!


Klassisk leik for borna:


... og andre klassiske leikar...:


I opninga av møtet snakka Peder litt om ulike symbol som er knytta til adventstida, som fargen lilla (blanding av blå og raud - himmelens farge og jordas farge) og den sjuarma lysestaken, med tre lys for Gud (treeininga) og fire for jorda (Nord-sør-aust-vest, sommar-haust-vinter-vår og luft-ild-jord-vatn). I jula møtes himmel og jord - Guds Messias vert født på jorda!


Til slutt noko heilt heilt anna - sidan adventstida vår handlar mykje om rydding og pakking... Sjå kva eg fann i går medan vi rydda i ei lite brukt skuffe!


Var ikkje det ei vakker samling med 1.44 - 2.0 MB diskettar? Her ligg det meste av stilar, prosjekt, fordjupingsoppgåver, særemne, gruppeoppgåver osv. frå tida 1995 - 2004 trygt lagra, på diskar som ingen lenger kan opne...  Fare thee well!