torsdag 24. januar 2013

Blå debut

Ta ein god kikk på dette bildet. Det er Lise sin aller første tur på eigne skøyter!


Vi fekk tak i eit par brukte skøyter (Vi er veldig glade i byttegruppa for Suldal på facebook!) og gjekk ned i Habn i ettermiddag for å prøve. Først hang ho i armane mellom både mamma og pappa, men det gjekk ikkje lang tid før ho ville prøve på eiga hand.


Det vart ein heil liten tur til slutt! Nokre fall vart det naturleg nok, og ho vart veldig sliten i beina. Likevel var det ein strålande debut. Viss vi no får ha isen nokre dagar til, så kan det bli bra, dette!


Det var dessutan kjekt å vere ute på fjorden i den blå timen. Magisk!

onsdag 23. januar 2013

Skøyter og 60-årslag

Endå ein vakker dag til å gå på skøyter! I dag var mamma og borna på Bogsfjorden saman med mange andre, og kosa seg på isen i solvarmen.


Pappa var på jobb på Sand, så han fekk dessverre ikkje gått på skøyter i dag. Det han derimot fekk, var store problem med å starte bilen om morgonen! 15 minusgrader hadde gjort sitt med batteriet, og bilen måtte stå. Etter ein del tenking, ein telefonrunde og berre pittelitt panikk, fekk han låne bilen til Tone og kom seg av garde...

Sola kom om formiddag, og gjorde dei femten minusgradene meir levelege. Dermed var det mogleg å vere på isen i fleire timar. Her skøyter dei utover Bogsfjorden...


...og innover mot Habn att:


Eg hadde ikkje hatt noko imot å hatt slik is på fjorden kvar einaste vinter! Sjansane står dessverre ikkje i forhold til ynskjet: Sist gong det var slik is på fjorden var i 1986...


Det var Jarle Haugsland som delte slike iskalde fakta med meg, og det skjedde under årsmøtet/60-årsmarkeringa til Erfjord Idrettslag. Vi var samla rundt 80-90 mann i gymsalen på Vik, og Jens og eg representerte familien vår.


Enkelte lei seg gjennom årsmøtesakene, og gledde seg først og fremst til éin ting: maten! Først påsmurte rundstykker, og så kake. Sjekk denne flotte kaka som Svanhild laga til idrettslaget!


Så var det tid for utdeling av diverse premiar og utmerkingar for innsats i ulike greiner i 2012. Fotball, nutfant og springekarusell i ulike klassar. Her er det 1. og 2. klasse som får sine springekarusellstatuettar:


Det var også loddsal og trekning på møtet, og Jens (eller Jens Anton, som vi kanskje burde kalle han), vann seg ein... fotball! O lukke og glede! For han var nok dette hovudgevinsten i heile trekninga... Den gamle ballen, som han har hatt sidan 2008, er ganske slitt og hadde nok ikkje holdt ein heil ny sesong med den bruken han har... 


Og så vart vi turfantar, ja, og fekk kvart vårt grillspyd. No skal det grillast! Når berre temperaturen blir noko mildare enn 15 minus...

søndag 20. januar 2013

KRIK on ice

I går var det KRIK-kveld. På Fyljesvollvatnet! Det var glatt, det var kaldt, det var mørkt. Og det var kjekt. Seksten ungdommar og  fem vaksne skøyta rundt på isflata, og hadde stafettar, allemannskanonball, stiv heks, løpskonkurranse osv. Bortsett frå hovudlykter og ein lyskastar på Sjur sitt aggregat, låg vatnet i stummande mørke. Ikkje heilt ideelle forhold for fotografering, men eg prøvde meg likevel. Her er dei bildene eg tok, som det er nokolunde mogleg å sjå kva som skjer på...:










Og så nokre bilder frå i dag, med litt betre lysforhold, men fortsatt kaldt og glatt! Etter storsamling på Betel, gjekk vi ned på Bogsfjorden for å skøyte:




Det siste bildet tok eg frå andre sida av fjorden, etter å ha gått på skøyter tvers over. Stas å ha så god is på fjorden at ein kan krysse den utan båt!

lørdag 19. januar 2013

På glattisen

Med over 20 centimeter tjukk is, mange kuldegrader og ein fridag til rådevelde, var valet av laurdagsaktivitet nesten sjølvsagt. Skøyting! Vi køyrde opp til Fyljesvollvatnet, og leikte oss på isen saman med Vassbøs og Tyri.


Sjå den flotte skøytebana!


Tyri og eg hadde kappløp tvers over heile vatnet. Eg tapte, og nok om det... Ein godt polstra Sakarias var også med ut på glatta:


I kveld skal eg opp på isen att. Då blir det KRIK on ice og forhåpentlegvis mykje moro på isen. No skal eg kvile beina mine fram til det... Det trengs...



lørdag 12. januar 2013

Sesongopning

I ettermiddag såg det slik ut oppe ved Hedlebrekk:


Seks minusgrader, flott solnedgongslys og to skiklare gutar!


Dessverre var ikkje føret like godt som pågangsmotet og forventingane. I sporet var det spegelblank is, og elles hard og lite medgjerleg skare. Heile skituren begynte difor med fall i første bakke. Oppoverbakke, vel å merke. Det var plent umogleg å komme seg opp, og tårene spratt. Til slutt slo Jens seg til ro med at det ikkje kunne bli nokon særleg lang tur i dag. Vi fann oss eit nokolunde flatt område, og gjekk att og fram og i sirkel, og brukte snøen så god som vi kunne. Ein køyrer trass alt ikkje 30 minutt av garde for niks og ingenting!

Jens fann seg ein kolle med grei snø rundt, og sirkulerte rundt den ein times tid...


Medan pappa fraus fingrane av seg i forsøket på å forevige årets sesongopning på ski (for sin del, vel å merke. Jens har turt rundt på ski opptil fleire gongar tidlegare)


Etter kvart som sola gjekk lenger og lenger ned bak horisonten, skifta himmelen farge. Ei stund gjekk vi rundt i eit utruleg flott, lillarosa lys!


Og på veg heim att måtte eg stoppe for å ta bilde ut Jøsenfjorden. Stemningsfullt!


Tidlegare på dagen hadde vi hatt årets første, men truleg ikkje siste, tur i Habn.


Det er fascinerande med is...


...og vi kunne sitje og lytte til korleis vatnet flytta på isen. Det var knaking og braking etter kvart som floa seig oppover stranda, og store delar av Bogsfjorden hadde fått eit kledeleg lag med tynn is.


Til slutt eit bilde av vår vesle, ivrige skugge, i alle fall så lenge vi held oss i nærleiken av huset...


fredag 11. januar 2013

Road trip

To små jenter, ei dame og ein mann la i dag tidleg ut på tur i ein liten grå bil. Destinasjon: Haugesund. Etter om lag to kilometer ser Lise ut glaset og ser at vi køyrer forbi innkjørselen til Erfjord Skule. Litt overraska: "Å, ja. Eg trudde det var her som var byen, eg!" Derfrå og fram vart det ein laaaaaaang tur... Men ho heldt godt ut likevel, først og fremst takka ein god del soving, og "tur" på ferja. Vi trava gjennom salongen, ut for å nyte utsikta mot Sand:


...og så trava vi tilbake gjennom salongen (fordi det var så kaldt ute...) og tilbake til bilen.


Det var turen sin det!

Som skrive var det kaldt i dag, og klarblå himmel og sol. Nydeleg køyrevér!


Framme i Haugesund vekte eg to sovande jenter (kva tredjemann i magen gjorde, er ikkje så godt å seie. For meg.) Eg hadde parkert utanfor Amandasenteret, sidan vi endå hadde ein drøy time att til det eigentlege målet vårt. På Amanda var det sal, så no har vi sikra litt vinterklede til Jens og Lise for neste vinter!


Lise stod i korga, som på bildet over, og sa: "Ja, den har eg lyst på!" for kvart einaste klesplagg vi såg på. Trur vi må drive litt meir grunnleggjande økonomiopplæring før vi slepp ho ut i verda, så ho ikkje endar opp som deltakar i "Luksusfellen"... Eg trur ikkje lysta stakk så djupt, uansett, for ho dvelte ikkje noko ved eitt einaste nei, og dei plagga vi fann gjorde stor suksess.

Etter ei stund i vogna vart ho lei av å sitje der, og ville gå sjølv. Frå då av vart det eit noko meir anstrengjande senterbesøk...

Klokka begynte å nærme seg halv eitt, og hanen i flokken begynte å bekymre seg for parkeringsplass utanfor sjukehuset. Som kjent er det svært vanskeleg å finne ledig plass, og som regel må vi sirkulere på parkeringsplassen ei stund før nokon forlet si luke. Så ein halvtime meinte eg vi burde ha (vi skulle vere der klokka 13) Vel framme gjekk det slett ikkje slik. Vi køyrde opp på parkeringstaket, og rett framfor oss er eit ektepar i ferd med å setje seg inn i bilen sin for å køyre vekk. Og til alt overmål kom dei bort til oss med parkeringslappen sin, som fortsatt hadde mykje tid ledig. Opptur!

Dermed kom vi inn i god tid, og med godt humør. Kva vi skulle der? Jo, vi skulle på ei ekstra ultralydundersøking. Sist, i november, såg legen at morkaka låg langt nede, og kunne liggje i vegen for jenta når ho ein gong skal ut. Dei ville difor sjå om den hadde flytta på seg. Undersøkinga viste at alt ser bra ut. No worries!

I tillegg kontrollerte dei veksten. Ho målte og såg, og samtidig tok ho nokre flotte bilder. Vi fekk nokon med oss heim, blant anna desse to:

Munn og nase oppe til venstre

Jenta vår sparka tilbake då legen ville måle beina, og trakk dei etterpå opp til over hovudet... Litt akrobatikk er ikkje å forakte. I tillegg kunne vi sjå at ho låg og drakk vatn i store supar. Det er ubeskriveleg fantastisk å få sjå sitt eige barn på denne måten, gjennom eit "kikkehol". Eit lite glimt inn i hennar verd!

Så køyrde vi heim att, slitne etter mange gjeremål og mykje reising. Sand i skumring, medan vi venta på ferja (teke i 17-tida):


Så kunne vi køyre og hente Jens heime hos ein kamerat. Han har vore på skulen i dag, og fekk vere med til Sandvik etter SFO. Det verkar som han har hatt ein flott dag, han også! Sidan eg ikkje har bilde av han frå i dag, legg eg ved eit sjølvportrett han teikna i august i fjor, då han begynte på SFO:


God natt!

tirsdag 1. januar 2013

Nytt år!

Nytt år, nye forsett som skal brytast... Vi gjekk inn i det nye året saman med Eva Bente og co, som kom køyrande inn fjorden til oss i går. Her sit dei fire eldste borna og studerer Malin sin globus, som enkelte fann meget interessant!


Tante Eva og onkel Kurt:


Og så Mateo, som ikkje gjorde så veldig mykje av seg sist vi såg han. Litt meir action i leiren no, ja...


Vi var ute og brann litt stjerneskot før borna la seg. Greit å få med seg litt nyttårsmoro, sjølv om ein ikkje kan vere oppe heilt til 24!


Onkel Kurt gjer triks:


Og Nina...


Og Jens...


Og Eva...


Lise gjorde ikkje så veldig mange triks av denne typen. Det var plenty spennande nok å sjå på flammen, og springe rundt med den!



Så gjekk borna til ro, og vi vaksne leita fram bordspela... Ved hjelp av Curling, Mondo, Fluxx og Phase 10 fekk vi jammen ventetida til å gå, og plutseleg var det midnatt og det nye året starta!


Det var ein heller kort fyrverkeriseanse i byggefeltet, men til gjengjeld var den tidvis temmeleg intens...


Og vi, som hadde brukt opp stjerneskota tidleg på kvelden, hadde ikkje så mykje å bidra med då, men det vart nok smell og lysglimt likevel. Og no er det nye året allereie fleire timar gamalt. Skal tru kva dette året bringer med seg?