onsdag 27. februar 2013

Bjørn eter fisk & jort

Korleis eg veit det? Det står her, på kjøleskapet:


Så då må det vel vere sant?

Av andre litterære høgdepunkt denne veka, kan eg vise Jens si aller første bokmelding!


Med illustrasjonar:


Det er kjekt å ha kunstveke om Bjørn Fredrik Rørvik. Mykje herleg galskap for born!

Andre kunstverk, som har fått plass på kjøkkenveggen:

Eit troll:


Og ein moskus:


Det er herleg at fersk litteratur og kunst dukkar opp med jamne mellomrom. Då kan vi halde oss oppdaterte på det nyaste nye!

lørdag 2. februar 2013

Statkraftcupen 2013

Jens har vore på sin første fotballcup! I dag tidleg møtte han opp i idrettshallen på Sand, fekk utdelt drakt og vart plassert på lag. Utruleg skjønt å sjå dei små miniknottane sprade rundt i fotballklede!


Etterkvart vart det ganske mange menneske på tribuna. Vi fann oss likevel ein grei sitjeplass, og kunne vente på den første kampen. Laget til Jens skulle spele fire kampar. Den første rundt halv ti, og den siste rundt halv tre... Så det vart ein del venting, ja!


Den største supportaren, som ropte "Heia Jens!" med all den stemma ho hadde kvar gong han var på bana, ventar på at to ukjente lag skal bli ferdige med å spele:


Så kunne vi endeleg sjå Jens og co i aksjon! Som de sikkert kan sjå, var "bietaktikken", eller den berømte 0-0-5-formasjonen, utbreidd...


Dei spelte på stor bane. Dei små beina var ganske slitne når dei hadde sprunge over heile bana... Det vart ikkje så mange mål, men dei koste seg! Nokon tok seg også tid til å vinke opp på tribuna til heiagjengen med ujamne mellomrom. Eg skal ikkje nemne namn.


Heiagjengen måtte ha pause innimellom. Her er ho ute og spring saman med ein jamnaldring, som ho plar leike mykje med i barnehagen. Godt å få litt luft under vengjene!


I halv tre-tida var det tid for premieutdeling!


Eit fornøgd Erfjord 1 viser fram pokalane sine: