fredag 29. mars 2013

Påskeskattejakt

Tradisjonen tru, her i huset, er det skattejakt morgonen skjærtorsdag. På kjøkkenbordet kunne Jens og Lise finne denne lappen:


Dermed var jakta i gong!


 I kjøkkenskuffa fann dei denne lappen:


 Og i vaskemaskina denne:


Slik fortsatte det gjennom 8-9 ulike stader i huset, og dei endte opp rett i nærleiken av der dei starta: Bak matboksane i kjøkkenskapet:


Der dukka endeleg, etter ei lang og iherdig jakt, skatten opp!



I dag er skatten forlengst eten opp...

Tidlegare i veka viste eg fram litt av påskepynten vår. Før sjølve påskehelga no, fann vi fram litt pynt frå tidlegare år også, blant anna ein del malte egg og den fabelaktige kyllingen Jens laga i barnehagen for ein del år sidan:


Elles, viss nokon skulle lure på korleis det går med karseglaset til Lise, ser den no slik ut, og er stadig i vekst:

onsdag 27. mars 2013

Is og vatn og tekstil

Det har vore sol og lyse dagar i mange veker no, men i dag var første dagen eg verkeleg kjente den store vårfølelsen. Trass kulda og den endå tørre og fargelause skogen, kan vi no fange opp litt varme frå sola. Det hjelper også at mykje av isen og snøen rundt huset er så godt som vekke, og at Nina har pynta med lyng og påskeliljer utanfor døra.


Jens var på besøk hos ein kamerat i formiddag, og Lise og eg vart inspirerte av finvéret til å vaske bilen. Veldig kjekt å spyle vatn!


Så gjekk vi ned i skogen, der vi snart fekk selskap av ein selskapssjuk katt...


... som i følge Lise er "veldig flink til å skrape på treet!"


Når skogen ikkje var spennande lenger, gjekk vi like så godt ned i Habn for å sjå korleis det såg ut der. Katten var med heilt ned, men gjekk berre rundt og klaga seg, før han tusla opp att til sol og snøfri sone...

Lise klaga derimot ikkje. Ho fann seg snart noko å gjere, og er slik ganske så enkel å gå på tur med. Gje ho ein pinne og ein stein, og ho er sysselsett, som regel syngande, i lengre tid! Her er ho ute etter gode splash:


... av gårde etter meir stein...


... og nok eit splash!


Vi såg også litt på alle isflaka som hadde blitt pressa opp mot fjøresteinane. Det er fantastiske krefter i sving! Desse to flaka stod for eksempel og lente seg på kvarandre (og det skal ikkje meir enn ein nevestor stein til for å knuse dei i småbitar... we know!)


På turen fekk vi dessutan auge på skya som i følgje prognosane skulle vore her i går... Snakk om overskya himmel!


Og slik går dagane. Noko må vi jo finne på medan vi ventar på veslesøster! Vi gjer sjølvsagt meir seriøse ting også, som å rydde og vaske og gjere huset klart til å ta imot vårt ferskaste medlem. For eksempel har vi funne fram att ulltrøyene og bleiebuksene som vi la vekk då Lise var blitt nokre månadar gamal, hausten 2009. Sjå på desse små klesplagga! Det er ufatteleg fantastisk, og pittelitt skummelt (...) å skulle halde og kose og stelle eit så lite menneske att!


Vi har også leita fram andre klede sjølvsagt, og vaska for harde livet. Så no, veslesøster, er det berre å komme!


tirsdag 26. mars 2013

Véret (Når vi ikkje har noko anna å skrive om...)

Som så mange andre, eg skal ikkje nemne namn, var eg inne og sjekka vérmeldinga i går. Då såg langtidsvarselet for Erfjord slik ut:


Eg begynte, logisk nok, å bekymre meg litt. Etter mange veker med sol, kulde og klarvér, ser det  no ut som denne æraen er komen til ein ende. Her er skyer både tysdag og fredag! Kva for følgjer vil dette få for påskeferien og alle planane våre? Vi bestemte oss der og då for at det ikkje var noko poeng i å reise på fjellet i alle fall.

I dag vakna eg opp, og kjente eg var spent på sjå ut glaset. Korleis i all verda vil det arte seg med skyer? Eg har gått med auga vendt oppover stort sett heile dagen, for å få med meg augeblinken der skyene trer inn og tek over for sola.

Eg venta forgjeves. Alt eg har sette er denne utsikta:


Eg er litt skuffa, sjølv om eg sjølvsagt er letta også. No ventar eg med spenning på fredag. Kanskje vil vi få sjå ei sky då? Den som lever får sjå.

mandag 25. mars 2013

Påskepynt

Med to stykker i sin beste "lage pynt"-alder, er vi heldige og får heim diverse kunstverk frå både skule og barnehage. Før påske er det eit heilt klart kyllingaktig preg over kunsten, og dette er årets kreasjonar (til inspirasjon for dei som ynskjer å lage sine eigen påskepynt?)



Eggevarmar á la Jens!


Karsefrø på bomull, oppi eit glas dekorert av Lise. På sida som vender fram på bildet over, har ho fulgt intensjonen i prosjektet: Trykt kroppane på med ein finger, og fått hjelp av ein vaksen til å male auge, nebb og føter. På bildet under kan du sjå den sida av glaset der ho ikkje heilt klarte å begrense seg...


Ein nebblaus og noko skummel påskekylling...:


Og ein glorete kylling som ikkje såg skummel ut i det heile:


Det neste bildet hadde eg framme på skjermen rett før Lise skulle leggje seg. Ho ser på bildet og utbryt, begeistra: "Ein sånn kylling har eg óg laga, pappa! Den heng der borte i glaset!"


Lise har også laga denne flotte katten, som kanskje ikkje kan reknast som påskepynt. Men også den pyntar opp i vindauget vårt!


Til slutt ein veggdekorasjon, fargelagt av Jens, som heng på eit kjøkkenskap.


Påska i år vert brukt til avslapping, redebygging og venting for vår del. Det nærmar seg, det nærmar seg...


Og vi er alle spente på å få helse på veslesøster i magen!


lørdag 9. mars 2013

Mellom vinter og vår

Denne vinteren har blogglysta vore laber, så oppdateringane har difor vore noko sjeldne. Her kjem difor ein liten "statusrapport" frå indre ryfylke. To ting har sett sitt preg på denne vinteren, men dei skal eg ikkje skrive så mykje om, anna enn å nemne orda: snørr og feber. Då var det sagt. Fredag var halve klassen min, altså 14 av 28, borte! Det var for så vidt eg også, men ikkje på grunn av sjukdom. De får vente i spenning (...), så skal eg fortelje kor eg var fredag lenger nede. Først eit hopp tilbake til februar og meir vinterlege forhold:


Aking er utruleg kjekt, og pittelitt risikofylt. Jens har fått ein del sår og blåmerke i akebakkane i vinter...

Ein dag med våt snø dukka plutseleg denne karen opp på plenen!


Han vart dessverre ikkje så lenge. Utover ettermiddagen vart han meir og meir lut, før han endte som dette allereie før vi kom oss inn til kveldsmat...


Karneval er årvisst, og Lise hadde eit sterkt ynskje om å få vere Pippi i år også... Og det kunne ho, sjølvsagt! Ei lita oppgradering frå i fjor var stålstrengen i håret, som førte til pittelitt komplikasjonar for eksempel når ho skulle gå gjennom dører... Og det var ikkje risikofritt å sitje ved sida av henne under måltida denne dagen!


Ein prat med katten...


Aking med plastpose. Nostalgisk for mamma og pappa!


No i mars har smeltinga av snø og is gått rimeleg raskt, så då gjeld det å finne akebakkar der dei er mogleg å oppdrive!


Denne vintervåren er vi i skikkeleg ventemodus. Om ikkje lenge kjem veslesyster ut til oss, og vi gler oss alle mann! Samtidig er det ein del praktiske ting som må vere i boks før den tid (så det er godt det er nokre veker att endå...) Eit av dei store problema som måtte løysast, var bilen. Det er teknisk umogleg å få tre barneseter inn i Yarisen, så vi innsåg at noko måtte gjerast. Og no er det gjort! Førre torsdag var vi Haugesund på kontroll, og då henta vi med oss vår nye bil i same slengen! Det er ein Citroën Berlingo Multispace, og er ein del større enn det vi er vant til. Og breiare. Men den er veldig god å køyre, og skal nok gå greit å venne seg til.

Sidan Yarisen no er ti år gamal, og forhandlaren ikkje kunne tilby oss meir enn halvparten av det den er verdt i innbytte, fann vi ut at vi skulle behalde den også. Så no har vi ... bilpark...


... og har ein bilpark, må den haldast. Jammen godt at vi har små og arbeidsame hjelparar som syns det er kjekt å få vaske med svamp!


Ein som er pittelitt eldre enn Yarisen, vår elleve år gamle katt, set pris på snøsmeltinga. Treng ikkje å gå så langt etter vatn då!


Torsdag var det tid for årets siste skikarusell, og no er vi komne så langt på våren at det var lyst då vi var der! Lise var beinklar for løypene:


... men ville gjerne ha litt hjelp ned dei brattaste bakkane...


Jens derimot, klarar seg fint på eiga hand, og varmar opp til å gå løypa på tid.


Seriøs start, med klokke som pip dei i gong og alt!


Denne gongen gjekk han i mål på tida 7.55, og verka fornøgd med det. Sidan vi berre konkurrerar med oss sjølv, får vi prøve å hugse tida til neste vinter, og gå endå fortare då!

Så var det fredagen då, og kvifor eg var vekke frå jobb. Er det spente no? Tenkte det ja... Eg var i Haugesund, saman med Nina og veslejenta i magen. Ny kontroll på sjukehuset, og ein ypperleg sjanse til å prøvekøyre citroënen. Alt såg bra ut, både på kontrollen og på vegen!


I dag har det vore strålande vårvér, og vi har kosa oss ute mykje av dagen, i tillegg til å organisere oss med kino inne i ettermiddag. "Rio" + laurdagsgodt = suksess! (I dag tidleg noterte eg "Jif baderom" på handlelappen, og spurte Lise om ho kunne henge den opp att på kjøleskapet. Eg kunne høyre at ho "las" for seg sjølv på lappen på veg bort: "må ... kjøpe ... lørdagsgodt"...)

Her er dei ute og "hjelper" nabo Johannes med å hakke vekk is.


Dialog frå frukostbordet i dag tidleg:

J: Lise, like du rockemusikk eller rolig musikk?
L: Eg like best rolig musikk
J: Eg like rockemusikk! Veit du koffor?
L: Fordi du e ... kuul?
J: Nei, fordi eg like høg lyd (Lagar masse høge "rockelydar")
J: Du Lise? Skal vi late som vi spelar rockemusikk etterpå?
L: Ja!
J: Då kan eg spele gitar, og så kan du synge sånn høgt (Demonstrerar...)
L: Nei... Eg vil heller spele... fløyte!
J: Kan du ikkje heller spele tromme? Då kan du gjere slik. (Demonstrerar...)
L: Eg vil spele gitar.

Dermed vart det ikkje noko rockemusikk...


Utelunsj i barnehagen! Våren nærmar seg, og vi (i alle fall eg) lengtar etter varme og grønne skogar. Kom kom!

søndag 3. mars 2013

Glimt frå KRIK-kveld

Ein flott gjeng med ungdommar møtte opp til KRIK-samling i går kveld, og vi leika saman i tre sveitte timar. Her er nokre glimt frå kvelden:

Sitjefotball, med bruk av musklar som sjeldan vert brukt i fotball...



Killer:



Diverse fysiske forsøk med tjukkasmadrass. Som hopp over madrass i fart:


... salto, både med og utan skru:


... og luftige svev:



I tillegg var det sjølvsagt både kiosk, andakt og allemannskanonball, i tillegg til dodgeball og benkestafett. Alt i alt ein kjekk kveld, og stive musklar vitnar om eit godt aktivitetsnivå. Berre tre veker til neste gong, eg gler meg!