onsdag 27. mars 2013

Is og vatn og tekstil

Det har vore sol og lyse dagar i mange veker no, men i dag var første dagen eg verkeleg kjente den store vårfølelsen. Trass kulda og den endå tørre og fargelause skogen, kan vi no fange opp litt varme frå sola. Det hjelper også at mykje av isen og snøen rundt huset er så godt som vekke, og at Nina har pynta med lyng og påskeliljer utanfor døra.


Jens var på besøk hos ein kamerat i formiddag, og Lise og eg vart inspirerte av finvéret til å vaske bilen. Veldig kjekt å spyle vatn!


Så gjekk vi ned i skogen, der vi snart fekk selskap av ein selskapssjuk katt...


... som i følge Lise er "veldig flink til å skrape på treet!"


Når skogen ikkje var spennande lenger, gjekk vi like så godt ned i Habn for å sjå korleis det såg ut der. Katten var med heilt ned, men gjekk berre rundt og klaga seg, før han tusla opp att til sol og snøfri sone...

Lise klaga derimot ikkje. Ho fann seg snart noko å gjere, og er slik ganske så enkel å gå på tur med. Gje ho ein pinne og ein stein, og ho er sysselsett, som regel syngande, i lengre tid! Her er ho ute etter gode splash:


... av gårde etter meir stein...


... og nok eit splash!


Vi såg også litt på alle isflaka som hadde blitt pressa opp mot fjøresteinane. Det er fantastiske krefter i sving! Desse to flaka stod for eksempel og lente seg på kvarandre (og det skal ikkje meir enn ein nevestor stein til for å knuse dei i småbitar... we know!)


På turen fekk vi dessutan auge på skya som i følgje prognosane skulle vore her i går... Snakk om overskya himmel!


Og slik går dagane. Noko må vi jo finne på medan vi ventar på veslesøster! Vi gjer sjølvsagt meir seriøse ting også, som å rydde og vaske og gjere huset klart til å ta imot vårt ferskaste medlem. For eksempel har vi funne fram att ulltrøyene og bleiebuksene som vi la vekk då Lise var blitt nokre månadar gamal, hausten 2009. Sjå på desse små klesplagga! Det er ufatteleg fantastisk, og pittelitt skummelt (...) å skulle halde og kose og stelle eit så lite menneske att!


Vi har også leita fram andre klede sjølvsagt, og vaska for harde livet. Så no, veslesøster, er det berre å komme!


Ingen kommentarer: