søndag 28. april 2013

Frå trampoline til fest

April er, i alle fall tradisjonelt, den månaden véret slår om, varmen kjem snikande og naturen eksploderar i grønt. I år lar denne prosessen vente på seg. Eg har store forventningar til mai...

For kva slag april er det som, med respekt for seg sjølv, tvingar folk til å gå med boblejakke og hue midt i månaden?


Om varmen lar vente på seg, er det ikkje alle som gidd respektere at det fortsatt er kaldt... Som her, då ho stod og venta på at bilen til Victoria skal dukke opp. Det tar på å vente på besøk, og ho stod slik ei god stund før vi andre rekna det som rimeleg at dei skulle komme. Bagatellar...


...eller her, på trilletur med veslesøster:


Førre helg var farmor og farfar på besøk, og denne helga var mormor og morfar her. Stas å få besøk!


Semifargelegging!

Vi bar opp bordet og plasserte det på altanen att. Eit vårteikn! Oppå kan du sjå delar av ein stor og flott blome som Nina/Signe fekk frå Erfjord skule.


Rett etter at bordet var på plass, og vi sa oss fornøgde, høyrde vi fjerne rop om hjelp frå kjellaren. Mormor ila til for å sjå kva det gjaldt, og saman kom dei etter litt slepande opp med ei stor øskje mellom seg. Og oppi øskja? ...


Joda! Lise har gått og kikka på bordet i ganske mange dagar no, og lurt på når det skulle bli teke ut att. Vi har heile vegen svara at det kan stå inne i alle fall til vi tek ut det store kvite. Akkurat det var no blåst frå mine tankar, men enkelte andre såg med ein gong kva som måtte gjerast. Så no kan grillsesongen berre setje inn for vår del!

Laurdagshandlelista til Jens:


I går kveld var i 40-årsdag på grendahuset. Vi feira Berit, og det var ganske så mange som hadde funne vegen til bursdagslokalet!


Signe var med heile kvelden. Vi gjekk opp, sidan det ikkje er så langt, og ho sov heile vegen og halvvegs gjennom selskapet. Resten av festen var ho våken, og hadde det tydeleg heilt ok. Trevekingar er ikkje dei vanskelegaste å ha med seg...

God mat, hyggelege folk og artig underhaldning prega kvelden, og for min del nådde festen toppen då Randi og Sigurd m.fl. parodierte, og tok på kornet, familien Sandvik. Festleg!

Her er det eit bølgjeband som framfører sin hyllest til Berit:


Slik går april dette året. Og i morgon skal eg til tannlegen...

søndag 14. april 2013

Ein farspermisjon på film

Hadde dette vore for 20 år sidan (eller kanskje berre 10?), ville eg no sitte her med ein kodak-filmrull, kanskje ein 36 bilders film, viss eg hadde slått på stortromma, forsegla i ein konvolutt frå for eksempel Japan foto. I morgon tidleg hadde eg lagt den i postkassa, og så var det å vente i ei veke eller halvanna på resultatet. Mest sannsynleg ville eg vore fornøgd med rundt 30 % av bileta, det vil seie at eg (om to veker altså) sat der med ti gode bilete frå den perioden filmen var i kameraet.

No er det i alle tilfelle 20 år seinare enn det, og dei siste to vekene har eg knipsa ikkje mindre enn... 954 bilete! Digitalt. Og vi har sortert, så i mappa på maskina ligg det att 288 bilete vi er fornøgde med. Litt meir enn ti, altså...

Når ein tek så mange bilete, er det ikkje til å unngå at der blir ein god del bomskot (at vi har sletta 70 % av bileta er vel eit bevis på det...), og ein del bilete som nok aldri hadde blitt tekne på 135mm-film. Her er nokre slike bilete, dei fleste redda frå sletteknappen under sorteringsrunden i går kveld...

Det første biletet eg tok i april:


Kanskje litt umotivert? Lise skal hente ein pinne nede i ein skråning, noko ho brukte ganske lang tid på... Ikkje så lett å gå blant nedsaga greiner! I bakgrunnen ser du dei siste restane av snømannen vi laga i februar.

Bilde nummer to: Han som stod oppe og venta på Lise:


Noko måtte ein jo finne på, medan vi venta på at det store skulle skje: Fødselen.

Og då vi endeleg kom oss av garde, 2. april, vart det endå meir venting i gongane på sjukehuset. Her ventar vi på jordmor som skulle undersøke oss (Eg skriv "oss", men det var ikkje så mange som undersøkte meg, då...)


Etter undersøkinga, var det endå meir venting. Vi fekk forlate sjukehuset, og tok oss ein tur på Amanda-senteret. Nina snakkar med mormor, medan vi ventar på pizza:

 
 Tilbake på sjukehuset. Endå meir venting...


Då er det greit å ha ei god bok og ein godtepose for handa. Kan forøvrig anbefale både Vaage sin lyriske og utruleg vakre roman "Syngja", og også sjokoladesnop frå Candy King. God tidtrøyte medan ein ventar på å få helse på dotterjenta!

Liten lapp klistra på eit trappetrinn på sjukehuset. Kanskje akkurat den type lapp ein kunne forvente å finne der (...), men artig likevel!


Føtene til ei heilt fersk Signe:


Og brus og flagg til dei nye foreldra (altså oss): 


Smoothie frå Narvesen:


 Familietur til leikeplassen. Reiling og amming:


 Lengdehopp i snøen



Legobygging, og eksperimentering med litt lenger lukketid. Rett før vi lettar!


 Same fyr som på bilde nummer to, han med fleecehua. No med ein skatt mellom hendene!


Det var altså nokre glimt frå april til no. Utan digitalkamera, hadde dei fleste av desse bildene aldri blitt tekne... Truleg ikkje noko stort tap for menneskeheten, men eg er no glad for den teknologiske utviklinga likevel!

tirsdag 9. april 2013

Kast-og-kjøp-generasjonen

Å hjelpe til på kjøkkenet er ein populær aktivitet. Ikkje alle arbeidsoppgåver kan delegerast vekk, men det å kutte grønsaker opp i småbitar er ein fin jobb - også for Lise. I dag hjalp ho til med å dele opp gulrøter:


Samtale under arbeidet:
L: Eg berre kutte av ein, og så legg eg oppi ein, og så dele eg ein og legge oppi ein, eg!
P: No må du berre passe på at du ikkje skjer av ein finger og kastar den oppi også!
L: Neeeeei! Eg ska ikkje det!
P: Det ville jo vore litt dumt.
L: Ja, og så måtte vi kjøpt ny finger å sette på, då!

Slik er det - alt kan kastast og kjøpast på ny...

Medan Lise hjalp til med middagen, heldt dei to andre borna våre på med dette:


 Lekser...
 

... og soving!

søndag 7. april 2013

Signe!

2. april kom vesle Signe ut av magen og opp i armane våre! Ei roleg kosejente, som tek livet med fatning... Dette er eit vanleg syn i stova vår:


To forventningsfulle storesøsken, som har gleda seg i månadsvis til å treffe henne, tok imot oss med jubel og glede då vi kom att frå sjukehuset i går. Dei hadde blitt tekne godt vare på heime av mormor (og morfar på slutten), medan vi tre andre vart godt kjente med kvarandre på familierommet i Haugesund. No svermar dei rundt henne, og får så gode auge og ansikt kvar gong dei ser henne!


Heile familien ute på tur:


Det er kjekt å hjelpe til! Det er nok generelt litt mindre leik og moro med veslesøster enn det Jens og Lise hadde håpa på, men viss vi ikkje hugsar veldig feil, går den første tida (dessverre, må ein vel seie) veldig fort. Det er nok ikkje så mange vekene til dei får noko meir respons på framstøta sine!


No nyt vi dagane i fred og ro saman med vesle Signe, og prøver å kome inn i ein ny familierytme.