søndag 14. april 2013

Ein farspermisjon på film

Hadde dette vore for 20 år sidan (eller kanskje berre 10?), ville eg no sitte her med ein kodak-filmrull, kanskje ein 36 bilders film, viss eg hadde slått på stortromma, forsegla i ein konvolutt frå for eksempel Japan foto. I morgon tidleg hadde eg lagt den i postkassa, og så var det å vente i ei veke eller halvanna på resultatet. Mest sannsynleg ville eg vore fornøgd med rundt 30 % av bileta, det vil seie at eg (om to veker altså) sat der med ti gode bilete frå den perioden filmen var i kameraet.

No er det i alle tilfelle 20 år seinare enn det, og dei siste to vekene har eg knipsa ikkje mindre enn... 954 bilete! Digitalt. Og vi har sortert, så i mappa på maskina ligg det att 288 bilete vi er fornøgde med. Litt meir enn ti, altså...

Når ein tek så mange bilete, er det ikkje til å unngå at der blir ein god del bomskot (at vi har sletta 70 % av bileta er vel eit bevis på det...), og ein del bilete som nok aldri hadde blitt tekne på 135mm-film. Her er nokre slike bilete, dei fleste redda frå sletteknappen under sorteringsrunden i går kveld...

Det første biletet eg tok i april:


Kanskje litt umotivert? Lise skal hente ein pinne nede i ein skråning, noko ho brukte ganske lang tid på... Ikkje så lett å gå blant nedsaga greiner! I bakgrunnen ser du dei siste restane av snømannen vi laga i februar.

Bilde nummer to: Han som stod oppe og venta på Lise:


Noko måtte ein jo finne på, medan vi venta på at det store skulle skje: Fødselen.

Og då vi endeleg kom oss av garde, 2. april, vart det endå meir venting i gongane på sjukehuset. Her ventar vi på jordmor som skulle undersøke oss (Eg skriv "oss", men det var ikkje så mange som undersøkte meg, då...)


Etter undersøkinga, var det endå meir venting. Vi fekk forlate sjukehuset, og tok oss ein tur på Amanda-senteret. Nina snakkar med mormor, medan vi ventar på pizza:

 
 Tilbake på sjukehuset. Endå meir venting...


Då er det greit å ha ei god bok og ein godtepose for handa. Kan forøvrig anbefale både Vaage sin lyriske og utruleg vakre roman "Syngja", og også sjokoladesnop frå Candy King. God tidtrøyte medan ein ventar på å få helse på dotterjenta!

Liten lapp klistra på eit trappetrinn på sjukehuset. Kanskje akkurat den type lapp ein kunne forvente å finne der (...), men artig likevel!


Føtene til ei heilt fersk Signe:


Og brus og flagg til dei nye foreldra (altså oss): 


Smoothie frå Narvesen:


 Familietur til leikeplassen. Reiling og amming:


 Lengdehopp i snøen



Legobygging, og eksperimentering med litt lenger lukketid. Rett før vi lettar!


 Same fyr som på bilde nummer to, han med fleecehua. No med ein skatt mellom hendene!


Det var altså nokre glimt frå april til no. Utan digitalkamera, hadde dei fleste av desse bildene aldri blitt tekne... Truleg ikkje noko stort tap for menneskeheten, men eg er no glad for den teknologiske utviklinga likevel!

Ingen kommentarer: