onsdag 22. mai 2013

17. mai og Signedåp!

Søndag vart Signe døypt, og vi inviterte familien til å feire saman med oss. Bortsett frå tante Anne Margrethe, som dessverre måtte jobbe denne helga, var heile gjengen samla på søndag. Først av alle kom familien Ohma, dei dukka opp allereie 16. mai. Sidan dei snart flyttar ut av landet og over til andre sida av Atlanterhavet, var det veldig kjekt at dei kunne vere her litt fleire dagar.

Jens og Lise kosa seg i leik saman med Malin og Kaja, og rundt oss alle, først her, så der, sveva den aktive eigaren av desse flotte skoa:


Eittåringar har ein tendens til å setje sitt preg på omgjevnadane, og Mateo er ikkje noko unntak!

17. mai-feiringa starta i kyrkja. For oss som er vane med (frå oppveksten) at det første toget går til kyrkja, var det litt uvant at gudstenesta i år var utanfor all annan feiring. Men uansett var det ei fin samling, med fokus på fridom og takksemd. Godt å få litt større rammer rundt dagen!


Etterpå køyrde vi til skulen, der toget skulle gå i halv tolv-tida. Det bles rimeleg godt!:


Så var vi i gong, og 1. og 2. klasse er blant dei fremste i toget:


Den tradisjonelle turen frå skulen, over brua og tilbake...:


Festtale, korpsmusikk og etterkvart sårt etterlengta pølse m/brød, brus, jus og is i gymsalen:


17. mai er først og fremst barna sin dag, og det er ein dag for tradisjonar. Lengdehopp, pilkast, spikring, 60-meter og luftgeværskyting høyrer med. Det same gjer 'fisking' for dei aller minste:


Og boksekasting for dei meir treffsikre:


... og sjølvsagt trehjulssykling! Lise var oppe fleire gonger, og etterkvart som premiebordet vart tomt og dei fleste mista interessa, såg ho sitt snitt til å kapre ein sykkel for seg sjølv. Der sykla ho rundt og koste seg i lengre tid!


Legg merke til at ho berre har ein fot på trøa! Det var eit triks som vart innøvd og perfeksjonert til fingerspissane i løpet av ettermiddagen...


Signe og eg gir til slutt opp heile festivitasen på skulen, og trillar sovande heimover. På vegen møter vi desse fine nykomlingane i verda:


Punktum på dagen vart sett heime på Stølane. Og vi gjekk ned med flagget til topps! Berre sjå:


Laurdagen var ein roleg leikedag, med varmt vér og solskinn, laurdagsgodt og uteleik. Og litt film. For Lise sin del var dagen litt over 50 % på sofaen... Ho vakna opp med feber og raude utslett på kroppen. Vi har ikkje funne heilt ut kva det var for noko, men mykje tyder på at det var den 5. barnesjukdomen eller noko som liknar mykje på den.

Så kom vi til søndag, den store dåpsdagen. Sidan det var kveldsgudsteneste, gjorde vi unna festen på førehand. Og sidan det var så varmt, starta vi det heile med fotografering! Dermed kunne borna gå og kle av seg bunadane ganske raskt att.

Aller først tok vi bilete av dei ti søskenbarna. Det er utfordrande med ei slik aldersspreiing, frå 0 til 10 år. Benjamin gjorde ein god jobb med å halde Signe, og elles fekk vi til slutt med oss alle saman. Nokon syntes midlertid det vart nok fotografering til slutt, og stakk sin veg over plenen:


Signe sine fadrar:


Og besteforeldrene:


Vi er heldige som har så mange gode menneske å støtte oss på i oppsedinga!

Etter fotosessionen trakk vi innandørs, der vi rann vekk mellom smørbrød og brus denne varme sommardagen. Rett før festen begynte, viste gradestokken 28 grader celsius i skuggen!


Då var det godt å kunne hente ut brus som hadde stått over eit døgn i kjøleskapet, og det var heller ikkje feil då frukta og isen kom på bordet... Dessverre gjorde den enorme varmen at kakehungeren stilna i stor grad. Det var ikkje alle kakene ein rakk å smake på...


Så, omsider, etter at festen var avrunda og finkleda trekte på att, køyrde vi til kyrkja. Sidan mykje var bakvendt denne dagen allereie, starta vi like godt besøket i kyrkja med å ta bilete ved døypefonten. Vi rekna med at dei fleste av oss, og då særleg borna, ville vere ganske utkøyrde etterpå. Dei antakingane fekk vi for øvrig heilt rett i. Det var fleire sovande barn som vart borne ut i bilane etterpå...


Her står vi saman med prest Arild Markussen, ein veldig kjekk fengselsprest som heldigvis dukkar opp i kyrkja vår av og til.

Som ein del av dåpsseremonien las blant anna Jens bibelteksten om Jesus som tek imot borna. Det var berre så vidt vi kunne sjå han over lesestolen, men han las teksten fint og han syns det var kjekt å få vere med på denne måten!


Vi har mange fine bilder frå sjølve dåpen også, men det viser litt for mange barnefjes på bileta til at vi vil leggje dei ut her. Men viss du ynskjer å sjå, er det berre å stikke innom hos oss, så viser vi gjerne!

Til slutt eit bilete av Signe sitt gåvebord. Barnebiblar, smykke, smykkeskrin og album, i tillegg til mange fine kort.


Signe sjølv har sagt fint lite om dåpen i etterkant (...), men så er det då også det som er det fine: I dåpen får vi komme til Gud akkurat som dei vi er, utan å måtte prestere eller tru på førehand. Det er vi vaksne som ber borna fram, og Gud tek imot. Viss ikkje det er eit godt eksempel på Guds gratis nåde, så veit ikkje eg!

Ingen kommentarer: